Frivillige har gjort ein god jobb med utvendig vedlikehald av kyrkja. Foto: Arkiv

Anita Hjertviksten Lindland er nyinnflytta talgjebu. Ho har engasjert seg i kyrkjelivet på øya, og skriv i ein mail til Øyposten at orgelet i kyrkja ikkje lenger lever opp til dagens standard. Orgelet blei innkjøpt gjennom Norsk orgelharmonium fabrikk på 80- talet. Fabrikken er i ettertid kjent for å ha brukt billige materialar saman med dårlege tekniske løyningar. Med andre ord leverte fabrikken orgel med låg kunstnarisk kvalitet. Mange orgel som blei leverte frå fabrikken på 80-talet, er allereie byta ut.

Eit nytt orgel vil kosta opp imot tre millionar kroner. Kyrkjeleg fellesråd vil bidra med midlar, men ikkje med heile beløpet.

I og med at kyrkja på Talgje er ei middelalderkyrkje og freda etter kulturminnelova, er det ikkje beint fram i forhold til innkjøp av nytt inventar. Riksantikvaren må godkjenna alle endringar, og såleis dette bli ein langdryg prosess. Difor er det oppretta ein orgelkomite, leia av Jostein Gard, som jobbar med innsamling av midlar.

- Dette er for så vidt ikkje ein ny sak, men me ynskjer å setta fart i prosessen. Så langt er det samla inn vel 150 000 kroner gjennom aktivietar i kyrkja i tillegg til digital innsamlingsaksjon på nettet gjennom spleis.no, seier Gard.

- Kor mykje vil kyrkjeleg fellesråd bidra med?

- Det veit eg ikkje, det blir spennande å sjå kva den nye kommunen prioriterer, seier Josten Gard.