SJERNARØY:

Fridtjov Furre og Severin Vik døydde begge denne månaden. Furre og Vik har på kvar sitt vis vore med på å setja sitt stempel på Sjernarøyane.,

Fridtjov Furre døydde uventa denne veka, 69 år gammal.

Fridtjov Furre tok over Furre-garden saman med kona Olaug etter foreldra hans, Johannes og Ingrid Furre, og saman har dei bygd opp garden på Bjergøy til å bli ei betydelege reiselivsbedrift. Furre-familien var tidleg ute med å satsa på hytter og turisme. Dette vidareutvikla Fridtjov Furre då han overtok, samstundes som han heldt fram med gardsdrifta med både kyr, sauer og ungdyr på garden. Ei stund var han også engasjert i fiskeoppdrett, då denne næringa var i sin spede begynnelse.

Mange vil først og fremst knytta Fridtjov Furre sitt navn til Sjernarøy Maritim og store arrangemnet om sommaren. Fiskefestivalen i Sjernarøy skjer her, og skal vera ein av dei eldste fiskefestivalane i landet. Dessutan har det vore konsertar med kjente namn som Bjørn Eidsvåg, Åge Aleksandersen, DDE og store norske, svenske og danske danseband. Komlemiddagane om sommaren har også vore eit fast innslag i mange år.

Vertskap for Kongen

For Fridtjov Furre var det eit høgdepunkt då han i 2001 kunne vera vertskap for Kong Harald og Dronning Sonja då dei vitja Ryfylke. Finnøy kommune spanderte middag, og den var det Furre som tok seg av på Sjernarøy Maritim.

I løpet av åra har Fridtjov Furre satsa sterkt på fisketurisme med mange utanlandske gjester, spesielt frå Tyskland og Slovakia.

Både Fridtjov Furre og kona Olaug er kjende som arbeidsjern. Trass i at dei bygde opp ein omfattande virksomhet på Sjernarøy Maritim med 200 gjestesenger, ordna Fridtjov alt det praktiske sjølv med god støtte frå kona. Han tok i mot alle telefonar og ordna alle bestillingar. Data var ikkje hans greie, så alt blei notert ned for hand. I hovudet hadde han full oversikt.

Ved sida av å ta hand om garden og driva med turisme, har Furre i alle år fått tid til sin store lidenskap: fotball. Han var ein ivrig Viking-tilhengar, og nåde den som våga å forstyrra han midt i ein viktig fotballkamp.

For få år sidan fekk Fridtjov Furre konstatert den svært sjeldne muskelsjukdommen inklusjonslegeme myositt som bare nokre få blir ramma av, og som det heller ikkje finst nokon god kur for. Det førte til at den før så aktive mannen nå blei lenka til rullestolen. Men det ukuelege livsmotet og pågangsviljen svikta han ikkje, og Furre stod på for fullt heilt til det siste.

Fritjov Furre etterlet seg kona Olaug og sonen Johnny, tre barnebarn og eit bonusbarnebarn, og fekk  også oppleva gleda over å bli oldefar.

Rune Nedrebø

Severin Vik

Severin Johan Vik døydde for tre veker sidan,  etter å ha vore kreftsjuk ei tid, 73 år gammal.. Han var ein mann med pågangsmot. Han ville skapa noko for seg, og for lokalsamfunnet.

Etter utdanning etablerte han seg på heimstaden i Helgøysund, der han bygde seg hus og heim. Han vart gift med Karin Økland frå Sandeid. Ho var rekneskapskyndig, og starta Vik`s rekneskapslag, som ho dreiv med stor fagleghet, fram til helsa tvang henne, til å gi opp det arbeidet ho var så glad i.

Saman med Torgeir Vik, skipa Severin, Vik`s Partsrederi, og han var på sjøen som skipper i mange år, til han gjekk i land, for å administrera rederiet frå kontoret i Helgøysund. Torgeir heldt fram som skipper på "Askita", som var den fyrste, som kom fram til ulukkesstaden, då "Sleipner" forliste ved Blokksane nord for Haugesund.

Severin var på jakt etter noko, som ville skapa eit meir sosialt miljø for øysamfunnet. Han var såleis ein stor pådrivar, då Sjernarøy Husflidslag vart starta i 2001. Det vart omgåande starta opp kurs i treskjæring, og han vart etterkvart ein framifrå flink treskjærar. Han laga mange fine ting til venner og kjende, og ikkje minst hovudgevinsten til den årlege basaren, til inntekt for Husflidslaget. Ei trekiste, med mykje utskjæring på. I regi av laget vart det etterkvart sløyd, for gutar og jenter frå 10 år.

Drøsekveld for mannfolk, vart eit sosialt samvær på kveldstid, ein gong i månaden. Men kvinnfolka måtte og få vera med på leiken. Det vart kjøpt inn vevstolar og starta opp vevkurs. Spøtakafe var og eit populært tiltak, retta mot kvinnfolka. Alle desse tiltaka var med og skapte liv og røre, i eit lite lokalsamfunn.

Oppteken av å hjelpa

Men dette var ikkje nok for Severin, han var oppteken av å hjelpa folk, og starta like godt Sjernarøy Bygdaservice, som har vore til stor hjelp for mange.

Det aktive livet til Severin, og hans hustru Karin, enda svært så trist, og dei etterlet seg eit stort tomrom. Karin hadde vore sjuk i lengre tid, og som om ikkje det var nok, fekk Severin tidleg på nyåret, diagnosen kreft. Det var nok svært trist for han, og seia frå seg leiarvervet i styre for Husflidslaget, og dessutan lærar for treskjærargruppa.

For Severin vart resten av livet inn og ut av sjukehus og sjukeheimar. Karin døydde  i mars månad. Ein kan tenkja seg kva liv Severin fekk etter dette. Mista si hustru, og vita at han skulle  døy, frå ein heim så vakker.

No er Severin kvitt all sorg og smerte, men Sjernarøyane har mista ein ressursperson, dei ikkje hadde råd til å mista.

Jostein Hidle