Om to veker skal drivhuset på fyllast med tomatplantar. - Det blir fantastisk, seier den nye tomatgartnaren på Varland, Geir Arne Selvær. Foto: Oddbjørg Måland.

 FOGN:

- Me har komme hit for å bli, smiler Geir Arne Selvær.,

For tre veker sidan la dei bylivet bak seg og flytta «på landet.»  I mange år har dei leika med tanken på å gjera noko anna i livet, noko heilt nytt, men det har berre blitt med tanken. Det var fyrst då dei kom over salsannonsa av anlegget til Ingvild og Arne Torgersen på Varland, at dei tok steget fullt ut, og tok valet som innebar ei fullstendig omlegging av livet.

Begeistra ungar

Frå no av blir dei fognbuar på heiltid, og snart er dei i gang med tomatproduksjon.

- Ja, det stemmer, det var ei stor avgjersle å ta, men me var klare til å ta eit steg vidare, og det har me gjort til gangs. Eg har lenge lengta etter ein meir aktiv kvardag, og kjenner meg litt ferdig med berre åtte til fire-jobb. Mange ville kanskje tenkt at stykkevis og delt kunne vore ein like grei måte å gå fram på, men me heiv oss ut på djupt vatn. Så langt har me ikkje angra. Tvert i mot, me gledar oss til kvar ny dag, og ikkje minst til å sjå tomatplantane veksa når den tid kjem.

Ekteparet har tre vaksne born og tre barnebarn som bur i Stavanger. Dei har allereie vore på Fogn fleire gonger, og gledar seg over foreldra sin nye livssituasjon.

- Dei har mange tankar rundt bruket her, og er ikkje frammande for å ta del i arbeidet i drivhusa når den tid kjem. Eit av baranebarna har allereie booka seg inn i heile skuleferien i sommar, og har gjort hevd på eit av romma på loftet.

Uvurderleg hjelp

Om to veker er rundt 4400 små tomatplantar på plass, klare til å settas i jorda. Torgersen har lova å bidra med opplæring og gode råd i oppstartsfasen, slik at dei etter kvart er klare til å stå på eigen føter.

- Hadde det ikkje vore for Ingvild og Arne ville det vore utenkeleg å starta med tomatproduksjon. Me har ikkje anna erfaring med tomatar enn å eta dei, så her blir læringskurva bratt. Men me er svært heldige som kan lena oss tungt på mentorane våre.

- Er planen å kunne leva av tomatproduskjon?

- Det er litt tidleg å sei. Førebels har me jobbane våre i byen, og har ingen umiddelbare planar om å slutta. Eg tenker me veit meir mot slutten av året, når me har lagt bak vår fyrste sesong som tomatprodusentar. Eg vil jo tru at me sit igjen med nokre nyttige erfaringar då.

Nisjeprodukt

Tomatproduksjonen til Mette og Geir Arne er lagt opp på same vis som Ingvild og Arne har drive i mange år før dei. To drivhus på totalt 1600 kvadratmeter skal prodsera rundt 50 tonn med store, runde tomatar, av typen Livento. Dei to andre husa er det førebels ingen planar for. Selvær har søkt om å få overta den eksisterande leveringsavtalen med Gartnerhallen. På sikt ynskjer dei å prøva seg på eit nisjeprodukt eller to, og kanskje litt urter og sommarblomar. Men fyrst må formalitetar og andre nødvendige ting på plass. Det er mykje å setta seg inn i når eit heilt nytt fag skal lærast ifrå botn av.

- Dette er vår sjanse. Me kjenner oss heldige som har fått moglegheit til å setta livsdraumen ut i livet, og det på Fogn, avsluttar Geir Arne Selvær.