Planen er at Lars Tore Klepsvik skal skriva boka om då elektrisiteten kom til Rennesøy. Men nå må han og historielaget kalra seg utan store deler av beløpet som Rennesøy i si tid bevilga til historielaget. Her er Klepsvik i den gamle kraftstasjonen i Eltarvåg. (Foto: Rune Nedrebø)

RENNESØY:  Ingen tok ordet i utvalet for kultur, idrett og samfunnsdialog då saka var oppe der nyelg, og dermed blei innstillinga samrøystes vedteken: Rennesøy historielag må betala pengane tilbake.,

Vedtaket er i tråd med kultursjefen si innstilling, som viser til vilkår for tildeling av kulturtilskot i Stavanger kommune, kor det heiter at tilskot som er gitt på bakgrunn av "uriktige opplysninger, eller eller at tilskuddet/deler av tilskuddet ikke er nyttet

etter forutsetningen", kan krevast tilbakebetalt.

Leiar i historielaget, Anny Hatlen er skuffa over vedtaket.

-Men det gjekk som forventa, seier Hatlen til Øyposten. Ho reknar pengane som tapt for historielaget.

Rennesøy historielag fekk opphavleg 60.000 kroner frå Rennesøy kommune som skulle brukast til å setja i stand kraftstasjonen i Eltarvåg og gi ut eit hefte som mellom anna dokumenterte arbeidet. Men i sommar måtte laget gi opp restaureringsprosjektet, og i staden søkte dei om å få bruka det som var igjen av beløpet, 58.000 kroner til å gi ut ei bok om då straumen kom til Rennesøy. Her er forfattar skaffa, og mykje stoff og bilete er alt samla inn.

Kultursjefen kunne gå med på at historielaget kunne få 15.000 kroner av beløpet, mens resten, 43.000 kroner måtte tilbakebetalast til kommunen. Og slik blir det.

Hatlen seier at historielaget ikkje har lyst til å gi opp bokprosjektet, som etter planen skulle vore ferdig til jul om eit år.

-Me diskutera det vidare arbeidet i styret, men ein utveg kan vera å søkja sponsorar om pengar. Men det er nok ikkje enkelt i desse tider. Pengar frå kommunedelsutvalet er også ein mulighet, seier ho.

Rennesøy har eit medlem i utvalet, Thor Bernhard Harestad (frp) men han har vore borte frå Stavanger-politikken i omtrent eit år på grunn av helseproblemer. Harestad legg ikkje fingrane i mellom i denne saka.

-Dette er grassat smålig. Hadde eg vore der skulle eg gitt klar beskjed, seier Harestad, som tek det som eit nytt eksempel på at Nye Stavanger ikkje lever opp til forventningane hans.

-Den nye kommunen er den største skuffelsen eg har hatt i heile livet mitt. Intensjonsavtalen betyr ingen ting, nå er det sett av pengar til kommunebygget i Vikevåg i 2024. Det er bare for å skyva det ut i tid, eg kjenner lusa på gangen, tordnar Harestad.