SJERNARØY:

-Det skal bli kjekt å koma i gang, seier Landsnes til Øyposten. Nyleg har han inngått kontrakt om bygging av to hus i byggefeltet på Helgøy, som han kjøpte seg inn i for fleire år sidan og nå skal utvikla saman med Ladstein Bygg, Finnøy Sprenge- og Graveservice og Dickinson Group.,

I tillegg har han godt håp om å landa kontrak for bygging av to hus til, pluss at det er to nabotomter som også vil bli "byggemodna" i forbindelse med at feltet blir opparbeidd med veg, vatn og kloakk. Totalt vil dette området på Helgøy dermed gi plass til 14 hus.

Det er 10 år sidan området blei kjøpt, men heilt til nå har lite skjedd. Om det er korona'en eller andre forhold som spelar inn, er ikkje godt å seia.

-Eg har jobba ganske aktivt for å få dette til, slik at me kan begynna å byggja ut området. Og er det først begynt har eg god tru på at det kan koma opp fleire hus. Det er eit flott område som fortener å¨bli bygd ut, meiner Landsnes, som er oppteken av at det skal bli eit utbygging som vil setja standard.

-Det skal bli skikkeleg, det me gjer. Me vil bevara landskapet så godt som mulig og jobba med det, ikkje mot det, seier han.

-Blir det folkeauke i Sjernarøy nå?

-Dei to tomtene som nå er selde, er selde til stavangerfolk. Men me ser at folk brukar hus og hytter annanleis enn før, sjølv om dei har adresse ein annan stad. Dei kjem onsdag eller torsdag, og tek jobben med seg og blir heile helga. Men ei av dei andre to tomtene er til fastbuande. Så får me sjå etter kvart, å kjøpa hus i eit byggefelt gir i alle fall heilt andre muligheter enn i eit hyttefelt, seier Landsnes.

Helgøy-snekkeren opplyser at han nå har totalt åtte hus, hytter og naust i øyane som han skal byggja, og har dessutan godt håp om eit niande bygg, som er ei hytte.

-Det er god aktivitet for tida, og dette betyr også at eg må ansetja eit par mann. Viss det er nokon som vil flytta hit for å busetja seg vil eg gjerne høyra frå dei, seier Geir Landsnes.