"Fjordfart" blir sett inn i ruta etter grunnstøytinga.

Fylket er kome i ei skikkeleg kattepine på grunn av omlegginga av dei statlege tilskota til hurtigbåtar. Det ser ut til at fylke med ei lang og beinare kyststripe enn Rogaland kjem betydeleg betre ut. Konsekvensen blir at Rogaland må kutta 40 millionar framover i hurtigbåttilbudet, noko som er umulig å få til utan at det blir protestar. Dei ser me alt nå, og dei kjem som venta frå bygdene innover.,

Kva fylket sitt samferdsstyre landar på er ikkje godt å seia, men til øyane sin fordel talar nettopp det faktum at dei ikkje har fastlandsforbindelse. Hurtigbåten er det einaste alternativet. Slik er det ikkje for Sand og Nedstrand eller andre bygder på landsida av Ryfylke.

Men ser me utover dei akutte grepa som fylket nå må gjera, anar me eit anna hurtigbåttilbud i horisonten og eit anna reisemønster enn det me hittil har vore vane med. Hurtigbåten blir rekna som ein miljøversting når det gjeld klimautslepp, og er difor ikkje i takt med tidsånda på det viset. Elektriske hurtigbåtar er under utprøving, men ligg førebels eit stykke inn i framtida. For å få eit fullelektrisk tilbud krevst det også betydelege investeringar i infrastruktur i form an kraftkablar og ladeanlegg som heller ikkje er på plass.

Det kan difor sjå ut som om hurtigbåten sine glansdagar kan vera på hell, og at det me nå ser konturane av er eit anna hurtigbåttilbud. Dei ikkje landfaste øyane må fortsatt ha eit tilbud, og det spørs om ikkje innsatsen kjem til å bli konsentrert om dette mens landfaste stoppestader må ta bussen.

Følgene av eit endra reisemønster vil også merkast, og er alt blitt merka, hos storbror Stavanger. Dei nye tunnellane leiar effektivt trafikken både frå byøyane, Tasta og strandalandet utanom Stavanger sentrum. Dei indre bygdene i Ryfylke har tradisjonelt hatt Stavanger som «byen», men vil i større grad orientera seg mot Haugesund.

I forlengelsen av dette kan me også sjå for oss at debatten om Judaberg som endestoppestad for hurtigbåten med busstilbud til byen vil dukka opp med større tyngde. Her spelar også nye ferjer med betydeleg oftare avgangar inn. Bilen vil då i større grad bli eit alternativ for mange, og argumentet om at det er mest miljøvenleg å reisa kollektivt gjeld heller ikkje viss bilen er elektrisk.

Finnøy har i dag ikkje eit busstilbud, og det er ikkje mulig å reisa kollektivt mellom Finnøy og Rennesøy utan å reisa om byen. Det er med andre ord fleire utfordringar enn dagens fylkesbudsjett for framtidas hurtigbåttilbud.