Styreleiaren i Coop Finnøy, Anne Lise Kindingstad hadde ei hyggeleg melding til styreleiaren i Fleibrukshallen i dag, Arild Flesjå: Hallen får 36 700 kroner av kjøpeutbyttet i november.(Foto: Rune Nedrebø)|Helga Hebnes (t.v.) og Astrid Trondsen på trappa til Bethel kor messa blei starta. I år kan Julemessa på Finnøy feira 40 år. (Foto: Rune Nedrebø)

FINNØY:

-På siste styremøtet blei det bestemt at me legg på kjøpsutbyttet med ein prosent i november og desember, som skal gå uavkorta til Fleirbrukshallen, opplyser styreleiar i handelslaget, Anne Lise Kindingstad til Øyposten.,

I kroner og øre kan det dreia seg om 50.000-80.000 kroner.

Store utgifter

-Handelslaget ligg an til å få eit godt år i år, og då fann me ut at me ville hjelpa Fleirbrukshallen som er ramma av bortfall av store inntekter på grunn av korona’en og heller ikkje kan få dette kompensert av staten, seier Kindingstad.

Fleirbrukshallen måtte avlysa konserten med Vassendgutane, og også dansen i forbindelse med Tomatfestivalen gjekk i vasken. Sidan hallen er organisert som eit samvirkeforetak, blir han heller ikkje fanga opp av reglane for korna-støtte frå staten. I tillegg har korona betydd betydelege meirutgifter for hallen. Sjølv om aktiviteten er mindre, må alt reingjerast grundig mellom kvar aktivitet.

Styreleiar for Fleirbrukshallen, Arild Flesjå, helsar nyheten om pengegåva frå Coop’en med glede.

Flott julegåve

-Snakk om flott julegåve, dette kom som lyn frå klar himmel og vil gjera situasjonen vår betydeleg lettare. Nå kan me kanskje få malt hallen slik me hadde tenkt, eller kjøpt nye nett til håndballmåla eller skifta ut resten av dei gamle lysarmaturane. Me har nok å bruka pengar på, seier Flesjå.

Kindingstad understrekar at kjøpsutbyttet på to prosent til medlemmene står ved lag, og at gåva til Fleirbrukshallen blir tatt av overskotet.

-Eg eg trur medlemmene ser verdien av å støtta hallen i ei vanskeleg tid . Fleirbrukshallen har betydd svært mykje for Finnøy-samfunnet. Me har tidlegare støtta både nytt skyttarhus og det nye idrettshuset, så dette går inn i ein god tradisjon for oss, seier Anne Lise Kindingstad.

Bildetekst:

Styreleiaren i Coop Finnøy, Anne Lise Kindingstad har ei hyggeleg melding til styreleiaren i Fleibrukshallen, Arild Flesjå: Hallen får ein prosent av kjøpeutbyttet i november og desember.(Foto: Rune Nedrebø)