Konserten med Vassendgutane går i vasken, også i år, noko styret i Fleibrukshallen beklagar sterkt. Årsaka er pandemien. |Vassdendgutane skulle ha spelt i Fleirbrukshallen på Finnøy,, emn Cocid-19-situasjonen gjer at konserten blir avlyst.

FINNØY:

- Me klarer oss foreløpig, men me blir nødt til å setja tæring etter næring framover. Heldigvis har me nedbetalt kraftig på lånet, kor det ikkje står meir enn 700.000-800.000 kroner igjen, seier leiar i styret for Fleirbrukshallen, Arild Flesjå til Øyposten.,

Finnøy Fleirbrukshall blir driven på dugnad, og er organisert som eit samvirkeforetak. Ifølge Flesjå gjer denne organiseringa at Fleirbrukshallen ikkje er berettiga støtte frå korona-midlar.

-Det er veldig frustrerande, spesielt når me tenkjer på den store innsatsen som blir gjort av frivillige på Finnøy for å halda hallen gåande. Heldigvis har kommunen ikkje kutta i leiga av hallen, og dessutan har me mulighet til å søkja banken om avdragsfrihet på lånet. Men det er ein  meir krevande situasjon enn me er vande med, seier Arild Flesjå.