Tidlegare kommunelege i Finnøy, Eivind Vestbø,

«FRIVILLIG KARANTENE»,

Karantene og nærkontakt  er kanskje dei heitaste orda. Karanteneplikta har fått eit spesifikt innhald  etter §4 i  covid -19 forskrifta, og er delt i innreisekarantene og smittekarantene. Det er  smittekarantene som er mest aktuelt for oss i Finnøy. Og vi veit nå at vi har plikt til å pålegga oss karantene i 10 dagar etter  siste nærkontakt med smitta person. Men i tillegg kan vi pålegga oss sjølv  «frivillig karantene»

Medan smittekarantene etter lova  er å verna samfunnet, er «frivillig karantene» å verna deg sjølv mot smitte.

Dess meir risikoperson du er, dess viktigare er det  å tenka slik. Verst ute er eldre  sjuke og pleietrengande, dernest eldre som har ein eller fleire sjukdommar, dernest friske eldre, så sjuke yngre og i minst  grad friske yngre. Dersom vi skal prøva  å tenka litt logisk på dette, og kva risikopersonar i Finnøy kanskje då bør gjera:

  • dersom smitte blir påvist i nærmiljøet bør dei med høg risiko halda seg i hus inntil avklaring og kontroll.

  • dei bør tenka seg om før dei tar rutegåande kommunikasjon utanfor sitt nærmiljø.

  • dei bør helst ikkje dra på handel der det er mykje folk utanfor sitt nærmiljø.

  • dei bør unngå nærkontakt med personar som kjem reisande frå områder med mykje

smitte den første veka desse er i nærmiljøet.

  • dei bør sjølvsagt ikkje reisa til områder med mykje smitte.

Alle med låg risiko som var vore i risikosituasjoner( smitteområder, dårleg etterlevning av smittevernreglar)  uten at  dei kan definerast som nærkontakter med smitta ( og difor ikkje  har karanteneplikt) bør syna ansvar når dei vurderer omgang med sine nære i risikogruppa. Nett no har vi  i Noreg truleg nådd toppen av smittebølge nummer to. Vi får bare håpa at smittepresset avtar fram mot jul.

Finnøy 23. november 2020

Eivind Vestbø