OMBO:

Line Flesjaa viser stolt fram dei søte kvelpane av rasen Alaskan Malamute.,

Det er nesten utruleg at dei søte små nøstene, som slumrar strødd utover i «leikegrinda» i stova, om få månader skal veksa seg til store, kraftige hundar på 40-50 kilo.

Den nusselege utsjånaden til trass; dette er på ingen måte ein vanleg kosebamse. Det er kraftige trekkhundar, avla fram som ein allsidig brukshund for mahlemiutene, eit inuittfolk i Alaska.

Flesjaa har etablert kennelen på Ombo saman med mannen Glenn Flesjaa, og valet av akkurat denne hunderasen var naturleg . Dei er nemleg ivrige friluftsfolk, begge to, og frå Ombo er fjellheimen i Ryfylke bare ein kort ferje- og biltur unna.

Dessutan er det rikeleg med boltreplass for hundane rundt huset på Ombo, men utan at dei av den grunn kan springa fritt. Eigedommen er godt inngjerda.

Hunderasen fall dei fullstendig for då dei var på køyring med hundespann på Haukeli. Etterpå har dei vore heilfreste.

På tur med hundespann og pappa'en Alfa. Foto: FOTO: Privat

Men, misforstå ikkje.

Dette er kjælne dyr så det held. Då Øyposten var på besøk ville den fem år gamle og 40 kilo tunge «mamma'en» Shiva heilt forgå oss, og bora stadig snuten sin ned i fanget vårt for å bli klødd bak øyra.

-Det er veldig tillitsfulle og kosete hundar, stadfestar Line Flesjaa.

Også kennel'en på Ombo har merka at etterspørselen etter hundar har eksplodert, men Line Flesjaa sel ikkje til kven som helst.

-Me vil at hundane våre skal få det godt, difor vurderer me kvar kjøpar nøye. Me vil at dei skal bli brukt, seier ho til Øyposten.

Dei store og sterke hundane eignar seg godt både til å trekkja pulk om vinteren og til kløvhund om sommaren. Dette er hundar som elskar å sova ute både sommar og vinter. Nyleg var Line Flesja i fjellet ved Gullingen, og då klarte «faren» Alfa på 50 kilo fint å trekkja ein knalltung pulk tilsvarande si eiga kroppsvekt.

Kvelpane vil få nye eigarar rundt om i heile landet frå Hammerfest til Jæren, og prislappen for ein hund er 18.000 kroner.

-Om me tenkjer timepris, er dette rimeleg. Det er som å ha ein unge i hus, det er ein 24-timars jobb. Dessutan har du utgifter til fôr og dyrlege. Dette er ein hobby, og alle inntektene går inn på konto'en til hundane, seier Line Flesjaa.

Sett i forhold til kva prisen er på mange kosehundar, som kan kosta opp mot 30.000 kroner, er dette ein fornuftig pris. Det ligg mykje arbeid bak eit kull, på mange måtar er det som å få ein baby i hus, seier Line Flesjaa.

Flesja er nøye med å ha dei på utstillingar.

-Eg vil unngå å avla på hundar som ikkje har helsa i orden, seier ho, og nemner eit lite eksempel: Halen må vera lang nok, slik at dei kan kveila han over seg som ein lun kalott når dei søv ute om vinteren.