Skal laga "bibelsk" hage i Utstein Kloster-borggarden

Jostein Gard har fått seg ny jobb. Han skal stella hagen i borggarden i Utstein Kloster, og har planar om å laga til ein hage med bibelske tilsnitt.

  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:
Jostein Gard blir deltidsgartnar på Utstein Kloster.||Frå hagen i klostergarden.

RENNESØY: 

Det er Bygdebladet som melder om nysatsinga på klosteret. Til Øyposten seier Jostein Gard at han tilbydde seg å stella hagen i borggarden, etter å ha skjøtta den på frivillig basis i fjor.,

-Viss hagn skal stellast av tilfeldige, kan han fort forfalla. Då er det betre at det er ein fast som har ansvaret, og det takka klosteret ja til, opplyser Gard.

Nå vil han satsa på blomster og vekster både frå bibelsk tid og frå då munkane var på Utstein Kloster.

-Haddee det vore munkar i dag, er eg sikker på at dei ville vore emllom mine beste kunder, seier gartnaren frå Talgje.

Vekstene han vil satsa på er mellom anna liljer, som er Jomfru Maria sin blomst, akeleie, marikåpe, roser, fiken og vindruer.

Jostein Gard ga frå seg ansvaret frå gartneriet på Talgje nå i mars, og er svært glad for dette vesle, ekstraoppdraget. Ikkje slik å forstå at han er hyeil gjerandslaus, for han jobbar full dag i gartneriet i tillegg, sjølv om det er ein ny generasjon som har overteke.

Oppdraget på Utstein Kloster er bare to-.tre timar om søndagen. Då steller han beda og svarer på spørsmål frå publikum.

-Eg likar godt å ha kontakt med folk, og har stort utbyte av det, for eg er ingen allvitar. Eg plukkar opp mykje god kunnskap på den mpåten.- Dessutan er Utstein Kloster ein fantastisk plass som gir meg sjelefred av å vera der, seier Jostein Gard.

Tove Galta er leiar på Utstein Kloster, og er svært glad for å ha fått avtale med Jostein Gard.

-Jostein begynte hos oss som frivillig for å stella hagen i borggarden, og resultatet blei så godt og publikum så begeistra at me hyrte han inn på fast basis. Det var også gartneriet hans som sponsa hagen då den kom i gang for to år sidan, opplyser Tove Galta.

Ifølge Galta blir dette eit nytt tilbud på klosteret. Opplegget er at Jostein Gard stiller i hagen i timen mellom 12-13 kvar dag for å putla og svara på spørsmål frå publikum om hagebruk.

Frå 15. mai, når klosteret går over til å ha åpent kvar dag, skal han vera der kvar laurdag mellom 12-17.

Klosterhagen er ein del av omvisinga på klosteret, og det må difor løysast billett for å koma inn. Men det er rabatt for pensjonistar og gratis for barn under 18 år.

-Me har veldig flinbke guidar, og ei omvising her er vel verd ein tur, anbefalar Tove Galta.

Det er Museum Stavanger som eig Utstein Kloster, og klosteret har sesongåpning på søndag. Vårsesongen åpnar med den internasjonalt prega operettekonserten "Miracles comes true" klokka 14 med musikk av Puccini, J. Strauss og Händel med Izabela Loviskova, Laura Kern og Heloise Baldelli.