Økologisk sauer, salat, urter og plommer frå Byre

Gunhild Flatebø og Harald Wiig Bjørn-Nielsen har fått utmerkinga «Årets meitemark» av Økologisk Norge.  Det synes dei er både kjekt og stor stas.

  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:
Harald Wiig Bjørn-Nielsen.

BYRE:  Prisen har vore delt ut årleg i 30 år, og går til personar som har bidratt til å fremja meitemarkens trivsel og utbredelse. Byre-paret er i godt selskap med mellom anna Rørosmeieriet og høgskulerektor Dag Jørund Lønning.,

Gunhild Flatebø og Harald Wiig Bjørn-Nielsen får prisen for sin langvarige innsats for økologisk mat, mellom anna gjennom etableringa av to økologiske matbutikkar i Stavanger.

-Det er veldig kjekt å få denne utmerkinga, og vita at andre set pris på det me har gjort, seier dei to til Øyposten.

 

Yngre krefter

Nå har dei gitt frå seg butikkane i byen til yngre krefter. Heretter skal dei nyta tilværet som pensjonistar på Byre, og konsentrera seg om gardsdrifta med sau, plommer, grønsaker og urter. Alt saman økologisk, sjølvsagt.

Den første økologiske butikken i byen etablerte dei for snart 20 år sidan, på Ullandhaug økologiske  gard. Seks år seinare gjekk dei i gang med butikk nummer to i Stavanger sentrum, i Langgata.

-Stavanger er den einaste byen i Norge med to heiløkologiske butikkar, seier Harald Wiig Bjørn-Nielsen stolt.

 

Elitemjølk frå Byre

Årsaka til at det i det heile gjekk an å få business ut av to spesialbutikkar for økologiske matvarer i konkurranse med kjedebutikkane, meiner Byre-paret skuldast det store innslaget av kjøpesterke europearar i Stavanger-området.

-Me merka godt då det var krakk i oljeprisen, og mange utlendingar flytta heim. Omsetninga i butikkane fall med ein gong, seier dei.

Sau er ein del av driftsopplegget på garden. Nå har dei planar om å byta ut villsauene med rasen spel.

Prisen dei fekk på landsmøtet i Økologisk Norge i helga, er elles ikkje den einaste utmerkinga dei har fått. Gunhild Flatebø kjem også fram med ei utmerking frå meieriselskapet Tine, for leveranse av framifrå mjølk.

Då dei kjøpte garden på Byre på førsten av 90-talet, var det nemleg mjølk og purker som var opplegget på garden. Grisungane levde herrens glade dagar på garden, og gjorde seg fine og feite på ein meny av surmjølk blanda med klinkegg frå Helgøy i Årdalsfjorden.  Og kyrne mjølka elitemjølk.

Men Gunhild Flatebø, oppvaksen i Bærum og eit barn den grøne bylgja på 70-talet, ville ha mannen med seg på økologisk drift, og fekk viljen sin. Dermed blei det slutt på både kyr og purker,  og i staden blei det satsa økologisk på grønsaker, urter frukt og bær.

Det blei ein god del prøving og feiling, og det blei heller ikkje enklare av at butikkane ikkje stod klar til å ta mot produkta frå Byre. Løysinga blei difor å laga sin eigen butikk, og selja Byre-produkta der. I tillegg blei det kjøpt økologiske produkt av bønder herifrå til Italia.

Slepp dyr kunstgjødsel

Det gjekk skikkeleg godt, og butikkane fekk to gonger utmerkingar for framifrå vareutval. Grensa sette dei likevel ved helsekost.

-Det skulle ikkje inn ein tablett i vår butikk, slår Gunhild Flatebø fast.

Harald Wiig Bjørn-Nielsen er glad for at dei la om til økologisk drift på Byre.

-Det er bra for miljøet, bra for dyra, bra for etikken og bra både for dei som produserer maten og dei som et han, meiner Byre-bonden.

Laga av råvarer frå Byre.

Han synes matfylket Rogaland på mange måtar er eit «u-land» når det gjeld økologisk mat, noko han trur skuldast at fokuset einsidig har vore på effektivitet og stor produksjon.

-Skal det skje ei endring må dei store kjedene vera villige til å ta inn økologisk mat, også frå mindre produsentar, seier han.

At økologisk mat er dyrare, er heller ikkje til å stikka under ein stol.

-Men kanskje blir det då kasta mindre, og sett meir pris på maten, seier dei to, som synes det er eit paradoks at det nå er mykje fokus i landbruket på rekordhøge gjødselprisar.

Det slepp i alle fall dei unna.