Krisemøte i kveld mellom kommune og ungdommar om "Hjem jobb hjem"

Stavanger kommune vil i kveld ha møte med ungdommar frå Finnøy om ordninga «Hjem jobb hejm», etter at fleire som bestillte første helga aldri dukka opp til turen heim frå byen.

Ordninga med "Hjem for en 50-lapp" omfattar foreløpig bare Finnøy. Foto: Stavanger kommune.
  • Rune Nedrebø, Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

FINNØY:

Bakgrunnen for møte er at kommunen opplever at mange ikkje gidd å avbestilla plassen sin viss dei bestemmer seg for ikkje å bruka den. Dersom det er slik at ingen bryr seg med å avbestilla taxien, må kommunen vurdera om det er eit reelt behov for eit slik tilbod.,

Når alle plassane er bestilt, vil andre som faktisk har behov for maxitaxien avvisast.

Fyrste helga etter at ordninga blei gjeninnført no i vår, møtte ingen av dei sju som hadde bestilt, til avgang. Berre èin avbestilte turen.

- Me ønskjer å diskutera denne situasjonen med ungdommane det er aktuelt for, og vil difor invitera dei til eit møte på innbyggartorget på Judaberg. Me vil vita om det er eit behov for transport, og korleis ein skal hindra at slike ting skjer igjen, sa Imme Dirks Eskeland i kommunen i eit intervju med Øyposten i slutten av mars.

Dette skriv innbyggarkommunen i eit FB-innlegg:

«Hjem for en 50-lapp» – kommunen vil høre Finnøy-ungdommens mening!

- «Stavanger kommune kommer til Innbyggertorget på Judaberg på mandag den 4. april klokken 16:30 for å høre mer om bruken av «Hjem for en 50-lapp». Hvordan opplever dere ungdommer (16-24 år) tilbudet? Hva fungerer og hva fungerer ikke? Vi vil gjerne høre deres innspill slik at kommunen eventuelt kan justere tilbudet deretter, innenfor tilgjengelige midler. Det blir servering av mat og drikke til alle dere som møter opp. Så kom gjerne innom og si oss din mening slik at ordningen kan bli enda bedre».

Møt opp på innbyggartorget klokka 1630 og sei di meining

Publisert: