Mykje heimelaga på Sjernarøymarken

Det var både fine blomsterdekorasjonar, artige strikka og tova julenissar og julemyser og pleddjakkar å få kjøpt på årets julemesse på Sjernarøy Maritim. Alt heimelaga.

Kirsten Vestergaard Eike hadde mellom anna pleddjakkar å by på.
Publisert: Publisert:
Desse artige figurane frå Margot Hatleskog var populære.

SJERNARØY: Det var godt med folk og god stemning under julemessa, som i år heldt til inne i restauranten på Sjernarøy Maritim.

Spesielt dei strikka og tova jullenissane fekk bein å gå på. I det flotte vinterevêret var det mange som hadde tatt turen for å sjå kva marknaden hadde å by på i år. Ifølge arrangøren var det 78 gjester innom på messa, og 12 utstillarar.

Grete Hiim hadde nydelege blomsteroppsatsar til sals til inntekt for Husflidslaget.
Ekteparet Hilde og Hallgeir Rodvelt hadde tatt turen frå Ombo, og baud på kreps-smaksprøvar.