Har kjøpt gard og stortrivst på Halsnøy
Svein og Mona Langeland tok det store skrittet for fem år sidan og flytta frå «urbane» Strand kommune til Halsnøy. I dag stortrivst dei på øya, og nå har også sonen og familien flytta etter.
HALSNØY: Då Svein Langeland første gang slo frampå til kona om dei skulle flytta frå Strand til Halsnøy, fekk han kjapt svar:
-Ka søren, Halsnøy, kva tenkjer du på.
Men då spørsmålet seinare blei bragt på banen overfor barna, fekk han meir positiv repsons.
-Kan sjynna det, meinte dei to barna deira.
Og då kom også Mona på glid, og i dag sit dei med ein flott einebustad med praktfull utsikt og har nyleg kjøpt garden til tidlegare jordbrukssjef Magne Fjeld på 340 mål. Der har dei selskap av 75 villsauer og 15 høylandsfe.
I tillegg har sonen Martin med familie også kjøpt seg hus og flytta til øya.
Jobb i barnehagen
Det var litt tilfeldig at dei havna på Halsnøy. Mona og Svein såg eigentleg etter hus på Jørpeland, men så dukka boligen på Halsnøy opp. Det var midt i smørauga for han, som dreiv som leppefiskar.
Mona var utdanna førskulelærar, og blei motteken med åpne armare i barnehagen på Halsnøy.
-Me er blitt enormt godt tatt i mot på øya, seier ekteparet til Øyposten.
Men at det var ein stor overgang å flytta frå Barka i Strand til Halsnøy, legg ikkje Mona skjul på.
-I starten tenkte eg, kva har me gjort. I starten reiste eg mykje tilbake til strandalandet kor eg hadde barn og barnebarn, vedgår ho.
Godt tatt i vare
Men det har gått seg til, og i dag stortrivst ho på øya. Barnehagen på Halsnøy er ikkje så stor, og dermed får ho tid til ungane.
-Den støtta me har fått på øya, kan me ikkje anna enn skrøyda over. Det er mange kjekke folk her, og me føler oss godt tatt vare på, slår Mona og Svein Langeland fast.
Miljøet på Halsnøy er ganske aktivt, tykkjer dei. Det er basarar og tilstellingar på bedehuset, bading på Finnøy og turboklubb for barna. Dei har fått eit svært positivt inntrykk av øya, som verkar som eit samansveisa og trygt miljø.
-Men me må jo ha ferje- og hurtigbåtruter i bakhovudet, for det er kvardagen her, seier dei.
Svein Langeland jobbar som teknisk reparatør innan havbruk i tillegg til at han er leppefiskar og «tøysebonde», som han kallar seg sjølv.
Men å driva gard synes han er kjekkare og kjekkare, og hadde økonomien i landbruket vore betre kunne han tenkt seg å bygd ny løe. I staden satsar han på dyr som kan klara seg ute heile året.
Dei kjælne sauene spring ekteparet nesten ned når dei kjem med mjølbøtta. Mona var i utgangspunktet skeptisk til sauene, og heldt seg unna. Men nå har ho fått dreisen på det, og kler seg gjerne i Felleskjøp-kjeledressen for å vera med å stella dyra.
Grønn plan
Svein Langeland har merka seg at Stavanger kommune har lagt store deler av garden hans som hensynssone i den nye «Grønn plan».
-Bønder og friluftsliv må kunna kombinerast, det må ikkje vera enten eller. Me er avhengige av å ha beitedyr her, elles gror det heilt igjen, meiner han.
Om sommaren, når det er fullt trøkk i båthavna på Skartveit, er det ikkje få familiar som tek turen opp til garden hans for å sjå på dyra. Slik sett bidreg dei til auka turisme til øya.
I bakhovudet syslar Svein Langeland også med tanken om det er mulig å begynna med foredling av det han prosuserer: Fenalår og pinnekjøt. Foreløpig er det bare ein tanke, men tankar må modnast før dei kan bli ein realitet.
Då dei budde i Strand, på oppsida av vegen mellom Jørpeland og Tau, høyrde dei ein konstant sus av trafikken. Slik er det ikkje på Halsnøy.
-Det er veldig flott å kunna setja seg ut om morgonen med ein kaffikopp og kunna nyta freden og roen. Det er kvalitetstid på høgt plan, meiner dei begge.