Ved Finnøy og Rennesøy bibliotek, og ved musea i Stavanger er det mykje kjekt å finne på i haustferien. Foto: Silje Talgø Klakegg

På laurdag kan du få sjå papirteater med Regine Erler. Ho syner Keisarens nye klede av H.C. Andersen. Teateret er bygd opp av forskjellige formar for papirkunst.

Dette vil bli ein annleis framsyning av H.C. Andersen sitt kjende kunsteventyr om keisaren som blir lurt til å tru at han går rundt i fantastisk flotte kleda, medan han eigentleg går rundt naken.

Sjå nettsidene til Finnøy og Rennesøy bibliotek for tidspunkt.

Film og brettspel

På begge biblioteka syner dei haustferiefilm kvar dag. Døme på filmar som visast, er Emil i Lønneberget, Jørgen + Anne er sant, Kaptein Sabeltann – Drømmen om Kaptein Sabeltanns Rike, og Operasjon Mumie. For full oversikt over kva for ein film som synast på kva bibliotek kan du sjå på nettsidene til biblioteket.

På onsdag klokka 12 kan du kome til Finnøy bibliotek for å spele brettspel, eller andre spel om du likar det betre.

Bokprat med Jørn Bjørn Augestad

På onsdag kjem globetrotter Jørn Bjørn Augestad til biblioteka for å presentere si nye bok «Prosjekt Grenseløs». I boka fortel han om reiser til land som ikkje er anerkjent av resten av verda som land.

Boksal og signering etter arrangementa.

Han kjem til Finnøy bibliotek klokka 12 og Rennesøy bibliotek klokka 18.

Gratis inngang på museum

Barnefamiliar får gratis inngang på fleire av musea i Stavanger i haustferie viss dei har lånekort på biblioteket. Dette gjeld Stavanger museum, Stavanger kunstmuseum, Stavanger maritime museum og IDDIS Norsk grafisk museum og Norsk hermetikkmuseum.

Stavanger museum har sporløyper der du skal finne dei gjenstandane som er plassert feil i utstillingane, og «verkstad med lauv» på programmet. «Vær kreativ med høstblader frå osp, eik og hengebjørk, og skap fargerike kreasjonar som du kan pynte deg sjølv eller heimen med», skriv dei på si nettside.

Iddis norsk grafisk museum og norsk hermetikkmuseum kan barn over 10 år lage sitt eige lino-trykk. Det er avgrensa antal plassar, og kostar 50 kroner å delta.

Stavanger kunstmuseum kan du delta på Mosikkverkstad. Aktiviteten inviterer til samarbeid og passar for heile familien, skriv Stavanger kunstmuseum på nettsida si.

Stavanger maritime museum visar utstillinga «Sjauing på kaia», der barn kan delta i ulike aktivitetar som høyrde til på kaia på 50-talet. I tillegg kan barn lage sin eigen nøkkelring i haustferien.