Budsjettet: Finnøy og Rennesøy får ekstra natt-sjukepleiar

Finnøy og Rennesøy får ein ekstra sjukepleiar kvar som skal gå inn i ei ny stilling til auka nattpatrulje og til sterkt pleietrengande som vel å bu heime.

-Dette er heilt i tråd med innspela eg fekk då eg var på Finnøy nyleg, seier Dag Mossige. Her frå møtet han var på i Innbyggartorget på Finnøy.
Publisert:

FINNØY: Det kjem fram i årets Stavanger-budsjett, som blei lagt fram fredag.

Leiar for Ap-gruppa i kommunestyret, Dag Mossige støttar forslaget fullt ut.

-Dette er veldig bra, og er i tråd med dei tilbakemeldingane eg fekk då eg var på Innbyggartorget på Finnøy og snakka om helse og velferd nyleg, seier Mossige til Øyposten.

Mossige er glad for at kommunedirtektøren legg opp til ei styrking av helse-og omsorgssektoren, og som også vil gi seg utslag i dei to kommunedelane, mellom anna med dei to nye stillingane. Det blir ei nattstilling i kvar av dei to kommunedelane, som også kan bistå på sjukleheimane når dei ikkje må rykka ut, legg han til.