Huset har stått tomt sidan Nav flytta ut for fleire år sidan, og skal no gjennom ei oppgradering før ungdomsklubben flytter inn 1. mars.

– Dette er veldig bra. Me er svært godt nøgde med denne løysinga. Det er ikkje all verda å velja i sentralt på Judaberg, men dette er det beste me kunne håpa på. Det er berre eit betre alternativ, og det er at me får bygga vårt eige enkle modulhus ved sida av Sentralskulen, seier leiar i klubben Santiago David Arellano.

Stadig fleire medlemmar

Utfordringa til ungdomskubben har heile tida vore at dei ikkje har hatt eit eigna lokale som er deira eigne og kor dei kan ha tinga sine utan å måtte rigga utstyr opp og ned kvar gong. Per i dag leiger ungdomsklubben lokalar i Fleirbrukshallen.

Sidan ungdomsklubben starta på Finnøy i 2021 har det vore auke i medlemstalet jamt og trutt. Ein vanleg klubbkveld er det rundt 50 personar innom for å henga med vener, gjera lekser, eta eller driva med forskjellige aktivitetar.

– Målet er å utvida aktiviteten, både med fleire klubbkveldar samt ein juniorklasse, i tillegg til andre aktivitetar. Tidlegare har me ikkje kunne planlegga for det, men no trur eg det er mogleg.

I desse dagar er kommunen i gang med å skriva leigekontrakt med eigar av bygget, Ola Steinar Flesjå.

– Det stemmer, detaljane er ikkje heilt klare enno, men det nærmar seg. Det er litt som må gjerast innvendig for å få lokalet meir funksjonelt. Blant anna held eg på med riving av nokre vegger for å opna opp. Tanken er at ungdommane sjølve skal ta ansvar for dei litt enklare tinga, slik som måling.

Laurdagsklubb

Arealet som ungdomsklubben no får disponera er 150 kvadratmeter.

Utvendig er planen å få meir lys, på begge sider av byggninga, ogfå flytta dei store gjenvinningskonteinarane like utanfor. Og båtplass.

– For tida er det ingen ledige båtplassar, men eg skal setta ungdomsklubben øvst på ventelista, seier Flesjå. Han har 11 båtplassar på baksida av bygget.

Kommunen har fleire tilgjengelege båtplassar like ved.

Ungdomsklubben tjuvstartar og arrangerer ekstra klubbkveldar to laurdagar. Den fyrste 4. mars og den andre 29. april.

– Det er ikkje sikkert me har flytta inn 4. mars, men den neste laurdagsklubben, blir heilt sikkert i nye lokale, slår leiar Santiago David Arellano fast.