Vil sprenge ut gravplass ved Askje kyrkje

Ein plan for å utvide kyrkjegarden på Mosterøy får tilslutning frå kommunedelsutvalet.

Alternativ A i forslag til ny gravplass ved Askje kyrkje er teikna inn i knausete terreng på vestsida av kyrkja.
Publisert: Publisert:

Stavanger kommune har ute på høyring ein plan for korleis utvide gravplassen ved Askje kyrkje på Mosterøy.

Det mest aktuelle alternativet ifølgje planen er å sprenge ut fjell på vestsida av kyrkja, noko som både sparar dyrka mark andre stader og minimerer vegen mellom dei framtidige gravene og kyrkja.

– Eg applauderer denne planen, sa Jostein Eiane (KrF) då saka var oppe i Rennesøy kommunedelsutval tysdag kveld:

– Det viktigaste er at ein slepp å gå ein lang veg frå kyrkja. Nye byggjemetodar gjer dette mogeleg.

Området vest for kyrkja har fjellknausar i dagen, som i tidlegare tider gjorde det uaktuelt å ha gravplass der.

– I forslaget ligg at ein skyt seg ned inntil tre meter og legg på lagvis med hensiktsmessige masser, seier Eiane.

– Gravplassen i Vikevåg blei bygd på denne måten for nokre år sidan, og det har blitt eit veldig flott anlegg, legg han til.

Kommunedelsutvalet tok planforslaget til orientering, som det heiter.

Frist for å kome med innspel til planforslaget er 23. juni. Etter det vil kommunen laga forslag til ein reguleringsplan, som meir i detalj strekar opp korleis den nye gravplassen skal utformast. Då vil alle som blir råka få høve til å seie sitt.

Kart som viser Askje kyrkje: