Miljøvenlege tomatar frå Talgje
Bli med på reisa frå frø til «grøn» tomat. Øyposten blei kursa i tomatproduksjon i Skavland drivhus.
I desse Tomatfestivaltidene bognar det av tomatar på Finnøy. Ei tomat er ikkje berre ei tomat, spør du Håvard og Edle Skavland som driftar Skavland Gartneri på Talgje.
– Det ligg mykje arbeidd bak den perfekte tomaten, seier ho.
Ved Skavland gartneri freistar dei og å gjere tomatane «grønast» mogleg.
– Det har vore ei utruleg stor utvikling i tomatbransjen berre den tida me har arbeidd i ho, fortel Håvard Skavland. Han legg til at det er eit klart konkurransefortrinn å vere mest mogleg miljøvenleg, og det er dette dei heile tida jobbar med å bli betre på. Mange av dei berekraftige løysingane er store og kostbare, men det er positivt i lys av miljørekneskapen.
Frå frø til tomat
Denne raude, saftige frukta var for ei stund sidan berre eit lite frø.
Prosessen tar rundt 13 veker frå frøet er i jorda til den første tomaten viser seg. Får plantene godt stell og nok lys, kan dei bere nye tomatar i 40 veker. Kvar veke vil dei vekse cirka 30 centimeter og danne ein ny knopp med blomster som kan dannast om til tomat viss dei blir bestøva.
– Bestøvinga er tidkrevjande arbeid å gjere for hand. Difor kjøper me bol med humler og får god hjelp frå naturen, fortel dei.
Ekteparet Skavland fortel at om lag 30 årsverk, fordelt på i underkant av 60 tilsette, arbeider med å utvikle frø til tomat. Dei har både faste tilsette og sesongarbeidarar sidan arbeidsmengda varierer mykje gjennom sesongen. Det blir mykje arbeid i periodar, men så rolegare i andre periodar. Difor treng dei ikkje full bemanning gjennom heile året.
Manuelt stell og plukking
– Det er ein stor jobb å ta vare på tomatplantene, fortel Edle.
– Det skal gjødslast og vatnast, sideskot og lauv skal brekkast på over 100 000 planter, og tonnevis av tomatar skal plukkast og pakkast. Skadde tomatar skal og fjernast så kundane kan vere heilt sikre på å få kvalitetstomatar.
I drivhuset står arbeidarar høgt oppe på vogner langs rekkene av planter. Rad for rad steller dei plantene og plukkar tomatar. Når dei er ferdige med ei rekke, registrerer dei det på ei databrikke som er plassert på enden av rada. Slik blir det sikra at alle plantene har fått nok stell.
Eige pakkeri
På Skavland Gartneri finn du også eit tomatpakkeri, der dei pakkar om lag 1200 tonn eigne tomatar og 300 tonn tomatar frå andre produsentar.
Øyposten fekk bli med inn her og sjå. Rutinerte arbeidarar hadde fullt fokus på jobben. Tomatar blei pakka frå grøne kasser og over i pakningane du finn i butikkane.
– Eg trivst veldig godt i denne jobben, fortel Iwona Lechwar medan ho plasserer tomatar i pakkemaskina. Evelina Kessler nikkar samtykkande.
– Det er travelt, men veldig kjekt, seier Lechwar.
Berekraftige løysingar
– Me freistar å drifte så miljøvenleg som mogleg. Me lærer mykje i Holland, der teknologien er langt utvikla på området. Det er alltid noko nytt å lære, så me reiser på messer og lærer om nye løysingar som kan gjere tomatbransjen enda meir berekraftig og effektiv.
Edle Skavland fortel at dei nyttar noko som heiter miljøtrådar til å halde plantene oppe, og at dei resirkulerer vann og gjødsel så ingenting går i jorda. Dei samlar opp takvatn frå regn i ein stor dam på 10 000 kubikkmeter. Dette vatnet blir nytta til å vatna tomatplantene med. På denne måten blir dei så å seie sjølvforsynte med vatn.
Dei unngår sprøyting av plantene så langt det er mogleg. Dei nyttar biologisk plantevern, og set ut nyttedyr som skal ete eventuelle skadedyr i kulturen.
– Me nyttar også doble gardiner i taket for å unngå lysforureining og energitap ut. Dette er viktig for både økonomi og miljø. Det raude drivhuslyset som me har gått over til, bruker mindre energi enn lyset me nytta tidlegare, seier ho.
I tillegg har gartneriet ein buffertank på 800 kubikkmeter som lagrar varmt overskuddsvatn når sola skin. Då treng dei CO₂ til plantene, men ikkje varmen. Denne varmen lagrar dei til dei treng å varme opp veksthuset om natta. På denne måten sparer dei energi.
Tredje generasjon
Håvard Skavland sin farfar opna i 1937 eit av dei første tomatdrivhusa på Talgje. Sidan har også far til Håvard drive med tomatar, før han sjølv også valde denne vegen.
– Det er ikkje utenkjeleg at sønene våre vil ta over drifta etter kvart. Dei vaks opp i tomatbransjen. Når me driv med dette, er det like mykje ei livsstil som ein jobb, så ungane har vore med på dette heile livet.
Kven veit? Kanskje Talgje i framtida vil oppleve at Håvard Skavland sitt tippoldebarn vil bli sjuande far i tomatdrivhuset?
Tomatfestivalen
På tomatfestivalen finn du Håvard og Edle, saman med gartnarane frå Ryfylke fellespakkeri i gartnarteltet. Her vert over eit tonn tomatar utstilt, du kan få smaka og kjøpa ferske tomatar. Borna vil også i år få kunne plukke med seg «smågodttomatar» i godteposar. Saman med gartnarane finn du VekstMiljø som viser fram humlebol og biologiske nyttedyr.