Full oppslutning om å regulera ferdig sykkelveg til Reilstad

Eit samrøystes utvalg for miljø og utbygging går inn for å gjera ferdig reguleringsplanen for gang- og sykkelvegen frå Nådå til Reilstad. Det kan også gi håp om å unngå luftspenn over Finnøy.

Den planlagde gang- og sykkelvegen frå Nådå til Reilstad kan bli ferdig regulert.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Det var Venstres Mette Vabø som fremja forslaget på vegne av Høyre, Frp og Sp, og forslaget fekk full tilslutning i utvalet.

Kommunedirektør Leidulf Skjørestad presiserer likevel at det ikkje er sett av pengar til å gjera ferdig reguleringsplanen, som eigentleg er eit fylkeskommunalt prosjekt.

-Om det er ressursar hos oss til å fullføra arbeidet må me sjekka opp fram mot behandlinga av forslaget i formannskapet, opplyste Skjørestad.

Kommunedirektør Leidulf Skjørestad vil sjekka om det er kapasitet i kommunen til å fullføra reguleringsplanen.

Høgspentkabel i bakken

I vedtaket heiter det at reguleringsarbeidet og sykkelsti frå rundkjøringa på Nådå til Reilstad blir fullført av Stavanger kommune slik at høgspentkabel kan leggjast i bakken for heile strekket. Det er også planar som viser ny vannledning til Judaberg i same trasé, som også må med i vurderingane.

Ifølge opplysningar til Øyposten skal arbeiodet med reguleringsplkanen vera bortimot ferdig, men utan at reguleringsplanen er klar er det lite sannsynleg at høgspentkabelen kan gravast ned i denne traséen.

Utvalet vedtok også å løyva 15 millionar kroner til å gjera ferdig gang- og sykkelvegen frå Judaberg til Nådå.

Mette Vabø synes det er kjempeflott at denne sårt etterlengta gang- og sykkelveien mellom Nådå og Judaberg endeleg kjem på plass.

- Det skulle bare mangla, dette har finnøybuen verkeleg fortent. Det er ikkje trafikksikkert å vera mjuk trafikant i området. I realiteten skulle sykkelvegen vore regulert heilt til Reilstad, og det må vera ein misforståelse at dette ikkje har skjedd, understrekar Vabø.

Mette Vabø: -Dette har finnøybuen verkeleg fortent.

Halv sykkelveg er ikkje godt nok

Ho legg til at det er på høg tid at det blir ein god og trafikksikker gang- og sykkelveg mellom Judaberg og Reilstad.

-Dessutan kan me ha fleire tanker i hovudet her og leggja høgspentkabel i bakken for heile strekket, framfor at det blir sett opp master. Det er også planlagt ein vannledning til Judaberg i samme trasé, og det vil vera rasjonelt og klokt å fullføra dette samtidig. Eit løft for heile Finnøy, og eit klokt valg av kommunen, sa Vabø.

Leif Arne Moi Nilsen (frp) støtta full ut innlegget, og la til at ein halv gang- og sykkelveg bare fram til Nådå ikkje var noko god løysing.