Felix har ein betre kvardag med Smileboka

– Å oppleva meistring er det beste utgangspunktet for god livskvalitet.

Smileboka har blit ein viktig del av Felix Staurland Solberg sin kvardag. Her saman med ven og pesialpedagog Ausra Lasauskaite.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Det seier Ausra Lasauskaite som saman med 15 år gamle Felix Staurland Solberg frå Sola har laga Smileboka.

Mykje erfaring

Ausra Lasauskaite frå Litauen er utdanna spesilpedag og har jobba med yrket i 25 år som miljøterapeut i avlastning og barnebustad i 15 år og som rådgjevar for for rettleiing skular i Utdanningsdirektoratet. Ho er personleg rettleiar for familiar og institusjonar, og ho har vidareutdanning i positiv atferdsstøtte. No jobbar Ausra som lærar for framandspråklege elevar på Sentralskulen på Finnøy.

Saman har dei to utvikla eit verktøy som hjelper Felix med å halda orden på ting som skjer i kvardagen. Smileboka gjer kvardagslege ting litt lettare for born med utviklingshemming. Den gir føreseielegheit, meistring og tryggleik. Det er viktig å best mogleg kontroll når Felix skal forholda seg til fleire stader, både på skulen, Åsenhagen avlastningsbolig og barnebustad og Etter skoletid som er tilsvarande SFO.

Enklare læring

Smileboka gir elevane hjelp til å laga ein god og oversiktleg plan over dagane, gjera avtalar, planlegga jobbar og får påskjøninning med klistremerke når jobben er gjort.

– Me har fått gode tilbakemeldingar frå alle gruppene som bruker smileboka. Med desse enkle metodane blir det lettare å læra fordi boka gir oversikt og føreseielegheit. Å delta aktivt i læringsprosessen er viktig. Her er elevane sjølve med på å bestemma kva aktivitetane skal vera, og må ta ansvar for å få dei gjort. Alle utførte jobbar vert påskjønna, fortel Lasauskaite.

Felix fortel at når han har fått eit visst tal klistermerker, får han ein premie i tillegg.

– Det er ikkje først og fremst ein ting me kjøper i butikken, det er oftare at elevane får ei kjekk oppleving i premie. At dei får vera med på noko dei har veldig lyst til.

– Eg har klistermerke på alle dagane, seier Felix stolt og held stolt fram smileboka si.

Tryggleik og mestring

Ausra og Felix har kjent kvarandre sidan 2019 då han begynte på Åsenhagen der Ausra jobba. Sidan har dei jobba med Smileboka som no er i bruk i fleire kommunar.

– Eg er heldig som har Felix på laget, han hjelper meg med å hjelpa andre, seier Ausra.

Boka er mest som ein kalender med veker og dagar. Når brukaren av boka har gjort ein aktivitet, kvitterast det ut med klistremerke. Aktivitetane varierer frå peisomn til person, kan det kan vera å rydda rommet, hjelpa til heime, lære bokstavar. Det kjem an på kven som eig boka, alle har forskjellige behov.

– Det er ikkje så mange verktøy som er egna for denne elvegruppa. Difor er det veldig kjekt å oppleva at smileboka verkar etter hensikta. Born med utviklingshemming treng litt ekstra hjelp med utvikling av språk, kommunikasjon og sosiale ferdigheiter.

Men det er ikkje berre born med utviklingshemming som har nytte av smileboka. Ausra brukar den også når ho underviser frammanspråklege elevar, og vaksne.

– Alle har i seg eit grunnleggande behov for å bli sett og få ros. Tryggleik og føreseielegheit gir kontroll. Alle har behov for å vita kva ein skal gjera på feire, på skulen eller i bursdagsselskap. Smileboka gir denne tryggleiken. Og når borna kjenner seg trygge, har dei det bra og opplever meistring. Kvardagen vert betre for den enkelte alle rundt.

Kjent kunnskap

Så langt er smileboka trykt i rundt 100 eksemplar og blir brukt på fleire skular og institusjoanr. Ausra er glad for at stadig fleire oppdagar boka og for dei gode tilbakemeldingane den har fått.

– Dette er ikkje i og for seg ikkje ny vitskap, men den forsterkar kunnskapen som allereie finst. Og når eg ser direkte resultat er eg overtydd om at boka har noko for seg. For Felix sin del er det avgjerande med smileboka.

– Eg har lyst å læra engelsk slik at Ausra og eg kan reisa til England og fortelja om smileboka, smiler Felix som har fått ein enklare kvardag med smileboka.