Dei neste vekene skal Lnett finrekne på kor mykje dyrare det blir å legge kabel i bakken i staden for liner i lufte for den planlagde høgspentlina frå bylandet over Bru, Mosterøy og Rennesøy til Nordbøkrysset.

Torsdag 14. mars er det meininga at formannskapet får tala på bordet for å ta stilling til om Stavanger tek kabelrekninga.

Master på Mosterøy

Då myndigheitskontakt Børre Dybesland i Lnett orienterte om saka i Rennesøy kommunedelsutval tysdag, sa han at det så langt har vore størst engasjement for å få kabel på strekket frå bylandet til Bru.

I denne saka skal det handle om Mosterøy og Rennesøy. Eit grovt estimat frå Lnett seier at det over desse to øyane vil koste til saman mellom 55 og 120 millionar kroner meir å legge jordkabel enn luftspenn. Me har då teke med heile strekninga frå Humleneset i sør til Hanasand i nord.

Blir det luftspenn, blir det sett opp master som i gjennomsnitt er 21 meter høge og som har 10 meter breie traversar på toppen. Korleis vil dei påverke landskapet? Det kjem an på auga som ser.

Her vil me ta med korleis Riksantikvaren har sett landskapet utan høgspentmaster. Riksantikvaren har nemleg laga ei av dei mest poetiske skildringane av Rennesøy som me til nå har kome over.

Vakkert og variert

I 2021 gav Riksantikvaren ut rapporten «Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Rogaland». I Ryfylkebassenget blei Sjernarøyane og Mosterøy/Rennesøy peika ut som to slike landskap.

Her er avsnittet som fortel kvifor Mosterøy og Rennesøy har eit landskap av nasjonal interesse:

«Øyene kan karakteriseres som et vakkert og variert jordbruks- og fiskerlandskap med stor tidsdybde. Sjøhusmiljø og gårdstun ligger i fint samspill med landskapet. Markante steingarder og særprega piggsteinsgjerder, i kombinasjon med kystlynghei og en stor mengde fornminner som vitner om rikdom og makt, gir en sterk opplevelse av historisk forankring og kontinuitet. Viktige kulturmiljø fra middelalderen, med kloster på Utstein og kirkested og skiferbrudd på Sørbø, gir en ekstra dimensjon til landskapet som et maktsentrum med strategisk stor betydning over lang tid.»

Rikdom og avmakt

Då Børre Dybesland frå Lnett orienterte i kommunedelsutvalet, stilte Jon Tore Helland spørsmål frå tilhøyrarbenken om konflikten med store kraftmaster inn i eit landskap som har kulturhistorisk nasjonal verdi.

Dybesland svara at dette poenget så langt ikkje har blitt lagt veldig stor vekt på frå dei instansane som til nå har latt høyre frå seg. Det kom samtidig fram at det manglar ein rettspraksis på området.

Høgspentliner kan sikkert òg skildrast poetisk. Dei vil utan tvil kunne vitne om rikdom og makt, men ikkje rikdom nok til å bli graven ned i bakken.

Kart som viser planlagt kraftnett over Bru, Mosterøy og Rennesøy. Frå Nordbø på Rennesøy skal kraftnettet førast vidare mot Finnøy. Foto: Lnett