– Me skal ha både kjøt, fisk og lokal mat

Ordførar i Stavanger, Kari Nessa Nordtun (Ap) engasjerer seg i skulematsaka.

Kari Nessa Nordtun var til stades på Tomatfestivalen. Ho engasjerer seg i skulematsaka.
Publisert:

Øyposten fortalde 18. august om at nokre foreldre ikkje var nøgde med at skulematen skulle vere fri for kjøt, fisk og skaldyr. Dette meinte dei var i strid med vedtaket frå formannskapet.

Ordførar Kari Nessa Nordtun har også engasjert seg i saka.

Ho er tydeleg på det skal bli skolemat med både kjøt, fisk og lokal mat.

– Me har vore tydelege på at det skal vere sunne, gode skolemåltid som skal tilbys, og at kommunen skal tilstrebe å bruke mest mogeleg lokal mat. Nettopp difor presiserte me dette i et vedtak. Så er det nok ikkje slik at all mat som serverast blir lokal, men fleirtalet i kommunestyret er klare på at me ønskjer mest mogeleg lokale råvarer. Her er det nokon i administrasjonen som har bomma i kommunikasjonen, seier ordføraren frå Arbeidarpartiet.

Ho synast det er rart at parti som Høgre og KrF er negative til skolemat på skolane.

– I tillegg til å sikre gode fellesskapsmåltid i skolekvardagen for alle, ro i klassen, og få sunt påfyll av energi, er dette ein moglegheit for å fremme lokal matvareproduksjon. Dei borgarlege vil at alt skal vere som før. Det er defensivt og vitnar om manglande ambisjonar, seier ordføraren.

Tilsvar

Prosjektleiar for skulematordninga kome med tilsvar på kritikken frå foreldra.

– Me har mange omsyn å ta når me skal sende ut 27000 porsjonar med skulemat til elevane. Maten lagar me frå grunn, og dei økonomiske rammene er ikkje gode. Me har om lag 22 kroner per elev per dag å nytte, seier Thorstein Soma.

– Samstundes følgjer me kosthaldsråda frå Helsedirektoratet, og dei seier blant anna at ein ikkje skal ete meir enn 500 gram raudt kjøtt per veke. Dette svarar til to-tre middagar. Ernæringsmessig er måltida våre gode, og dette har prioritert å leggje vekt på, i tillegg til at det ikkje skulle nyttast ultraprosesserte produkt.

Mest mogleg lokalt

Soma fortel at Stavanger kommune har leverandøravtalar, og at dei må nytte desse når dei handlar inn råvarer til måltida.

– Skaldyr er uaktuelt å ta inn i kjøkkenet på grunn av allergiar. Fisk utelet me på grunn av at kvaliteten vil bli så dårleg med tanke på strekninga denne skal fraktast ut til øyane. Og så var det dette kjøtet då. Eg meiner at dette ikkje er eit problem når likevel kosthaldsråda seier at me skal ete mindre kjøt. Det viktigaste er at maten held ernæringsmessig kvalitet, og det gjer den. Dei får også tilbod om kjøt dei dagane det er brødmat.

Han seier at grønsakene er i størst mogleg grad lokale. Alt dei får tak i lokalt, kjøper dei lokalt.

– Me lagar til dømes ei jevning av sellerirot og bønner, og me lager suppe av lokale gulrøter. Det er mykje spennande på menyen, og eg trur at barna vil like maten. Det er ein stor mengde mat me skal lage, og logistikken er krevjande. Eg vonar at foreldra vil la barna prøve ut menyen før dei kritiserer.

Utfordring

Dei er pålagt å nytte elektrisk bil til transporten, og dei står for all oppvask sjølv for at skulane ikkje skal få meir arbeid med dette. Til oppvasken har dei tilrettelagde arbeidsplassar for at fleire skal få delta i arbeidslivet.

– Eg vil utfordre tomatbøndene i øyane til å kome med stygge tomatar til oss som dei ikkje kan selje i butikken. Av dei vil eg lage verdas beste tomatsaus som ungane kjem til å elske, seier Soma.

– Me har hausta erfaringar gjennom åra me har delteke i prosjektet. Dette er ikkje heilt nytt. Finnøy er ikkje den første skulen som deltek på dette. Det viktigaste må vere at ungane får mat.

Kjøkkenet er framleis under ombygging for at det skal vere mogleg å lage dei mengdene mat som skulane treng. Det vil ta nokre veker før dei er i skikkeleg i gang.

Ikkje vegetar som var tanken

Varaordførar Dagny Sunnenaa Hausken frå Senterpartiet seier til Øyposten at formannskapet ikkje hadde tenkt at det var vegetarmat som skulle tilbys skulebarna på tysdagane.

– Me har ikkje utelukka nokon matvarer frå skulematen, tvert imot er både kjøtt og fisk nemnt som basisvarer, seier ho.

– Me bestilte også ei sak for å belysa om det ville medføra auka kostnader å nytta meir lokale råvarer. Denne saka har me ved ein glipp i kommunikasjonen internt i administrasjonen ikkje fått, men kommunedirektøren har lova å ta fatt i denne saka.

Hausken meiner at skolemat er ein positiv ting, og ho trur at dei vil finne ei god løysing på dette.

Publisert: