Båtforeningen på Judaberg eig nå halvparten av Fåholmen
Judaberg båtforening har kjøpt halvparten av Harald Faa sin del av Fåholmen.
FINNØY: Det opplyser leiar i styret for båtforeningen, Thor Espeland til Øyposten. Den resterande delen av holmen er kjøpt av ein privatperson på Finnøy.
-Før måtte me forhalda oss til fire eigarar, men nå er me bare oss og den andre eigaren. Det er eit sameige, og kjøpet betyr at leiga vår blir redusert med rundt 20.000 kroner til vel 80.000 kroner i året, opplyser Espeland.
Båtforeningen hadde nyleg årsmøte, og heile styret blei attvald.
-Båthavna vår ved Fåholmen er i god stand, økonomien er grei og me hadde eit fint overskot i fjor, opplyser Espeland vidare.
For tida er det 32 personar på venteliste for båtplass i Judaberg båtforening, men fleire båtplasser er vanskeleg å byggja ut på grunn av mangel på parkering. Etter at Finnøy gjekk saman med Stavanger og Rennesøy i den nye kommunen, kan ikkje båtplassane lenger reserverast for dei som bur på Finnøy.
-Me har også oppgradert båthavna ved Byggmix’en for vel 100.000 kroner i vinter, men den rekninga tek Coop’en halvparten av, seier Thor Espeland.