Stavanger får ros for sin nye kommuneplan

Stavanger kommune nye arealplan begeistrar Statsforvalteren i Rogaland. Kommunen har gjort eit solid arbeid, meiner etaten. Tilbakeføring av arealer til LNF-formål får skryt.

Publisert: Publisert:
Eikehage på Rennesøy.Landbruket og naturverdiar er noko av det som blir godt verna om i Stavanger kommune sin nye areaplan, meiner Statsforvalteren

STAVANGER: «Planforslaget syner koplingar til viktige nasjonale føringar og FN sine berekraftsmål, via regionale føringar og lokale prioriteringar», meiner Statsforvalteren i Rogaland.

«Blant dei positive grepa kommunen har gjort i arealdelen vil vi særleg trekke fram tilbakeføring av areal til LNF-formål og justering av langsiktig grense for landbruk, og delprosjektet "Grønn plan" for ivaretaking av natur-, miljø- og friluftslivsområder i kommuneplanen.

Sjølv om det er mange dokument i planforslaget med fagrapportar, gir planskildringa og kartløysingar ein god oversikt over planen, samt god tilgjenge for allmenta, heiter det mellom anna i fråsegna frå Bent Høie & Co.

Statsforvaltar Bent Høie.