Mossige: -Finnøy har tent på å bli med i Stavanger
Nybygg til sjukeheim, Hjem jobb hjem, heim for ein 50-lapp, dagsturhytte og legebåt. Ingen tvil om at Finnøy har tent på å bli med i Stavanger, meiner Aps gruppeleiar, Dag Mossige.
FINNØY: Ap-politikaren var på Finnøy på eit godt besøkt møte på Innbyggartorget for å snakka om helse og velferd. Overfor Øyposten gjer Mossige eit klart poeng av at Finnøy kommunedel har kome styrka ut av å bli med i nye Stavanger kommune.
-Me legg pengar i nybygget til sjukeheimen, som er eit stort løft. Det var forslag om utsetjing, men me valde heller å få det gjort, seier Mossige. Han peikar også på fordelaktige reiseordningar, dagsturhytte og legebåten, fritidsklubb, gratis trygghetsalarm, meir til idrettslaga og Barnas Sommar som Stavanger har bidratt sterkt til å få til.
Eldre er ein ressurs
Mossige er leiar av utvalet for helse og velferd i Stavanger, og er også oppteken av å bruka eldre som ressurs.
-For meg er ikkje eldrebølga noko skræmande, det er ein mulighet. Me må leggja forholda til rette slik at dei eldre fortsatt kan bidra i samfunnet, seier Mossige, og peikar også på at Finnøy er kjent for å ha ei sterk dugnadsånd.
-I framtida kjem me nok ikkje til å tak i nok fagpersonar til å ta seg av alle hjelpebehov som eldre treng. Men viss eldre, friske menneske kan hjelpa til, kan me koma langt, meiner Ap-politikaren.
Dag Mossige er også opptatt av korleis det er mulig å skaffa nok fagfolk til å jobba i eldreomsorga i kommunedelen.
-Me må få folk til å bu her. Då må det vera like attraktivt å bu på Finnøy som i byen, slik at dei slepp å pendla, meiner han.
Drosje og buss til Vikevåg
Tidlegar kommunelege Eivind Vestbø minna om viktigheten av samhandling og organisering av frivillig arbeid. Også han peikar på eldre som ein ressurs som kan aktiviserast for å hjelpa andre. Det kan være besøksvenn for einsame, turvenn for å betra fysisk helse eller hjelp til digitale og tekniske utfordringar.
Tor Øystein Nærland påpeika utfordringane for dei som ikkje køyrer bil, og etterlyste både drosjetilbud og bussruter til Vikevåg.
Det kom også fram at kommunedelen har særeigne utfordringar med logistikk for helsevesen, og for å rekka over alle øyane blir tidsbruken høg. Tillitsvalde frå helsesektoren peika på viktigheten av god grunnbemanning og kvalifisert personell for å løysa oppgavene.
Det blei også peika på viktigheten av å kunna tilby «sentrumsnære» leiligheter på øyane, slik at heimehjelp-tenesta kan jobba mest mulig effektivt og dei eldre kan bu heime lenger.