Tunnelen mellom Finnøy, Talgje og Rennesøy skal vaskast i veke 50. Foto: Sigbjørn Høidalen

Årsaka til stenginga er at tunnelen skal vaskast, og trafikken vil dirigerast gjennom tunnelen med leiarbil.

– Alle som skal gjennom Finnfast i denne perioden, må rekne med å vente på kolonnekøyring, skriv dei i ei melding til Øyposten.

Dei skriv vidare at kolonnen vil gå kvar halvtime.

– Tunnelvasken i veke 50 er ein teknisk vask. Då bli vegbane og teknisk utstyr som lys, skilt med meir vaska, skriv dei.

Sist gang tunnelen blei vaska, var i september. Tunnelen vaskast fire gonger kvart år, og det er antal årsdøgnkøyretøy som er bestemmer kor ofte vaskinga skal skje.