Vil ha klare formuleringar i Høyre-programmet om Øyfast

Høyres ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal ynskjer klare formuleringar i Høyres program om Øyfast. Dessutan vil ho at det nye kommunestyret som blir vald neste år, skal ta ein rundtur for å bli kjent i øyane.

Høyres ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal måtte svara på spørsmål om Øyfast då ho møtte på Finnøy torsdag.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Høyres ordførarkandidat blei utfordra på Øyfast som første sak då ho torsdag møtte på Innbyggartorget på Judaberg på arrangementet «del et måltid med en folkevalgt».

Temaet var næringsutvikling i øyane, og Daniel Nedrebø var den som åpna ballet.

-Gratis ferje er bra, men Øyfast må vera neste skritt. Øyane kjem ikkje vidare utan Øyfast, meinte Nedrebø.

-Gratis ferje er bra, men me må ha fastlandsforbindelse, meinte Daniel Nedrebø.

-Partia må utfordrast

Knutsen Hegdal spelte ballen tilbake til dei frammøtte.

-De må utfordra partia i arbeidet med partiprogramma som nå skal vedtas. Sjølv håpar eg at Høyre landar på eit klart vedtak om Øyfast, då har me noko å halda oss til. Men dette er det sjølvsagt partiet som bestemmer, la ho til.

Ho viste også til at Regjeringa varslar stramare samferdselsbudsjett framover, men at Stavanger må kjempa for sin rettferdige andel av kaka.

-Stavanger åleine kan ikkje løfta Øyfast, dette er ei sak som ligg i fylket. Men Stavanger kan pusha på, sa ho, og meinte også at det må jobbast for å få prosjektet inn i Nasjonal Transportplan.

-Stavanger må pusha på Øyfast, slo Sissel Knutsen Hegdal fast.

Jon Olav Runestad (ap) har ikkje lenger tru på at det går an å realisera heile Øyufast, som først tenkt.

-Med usikre økonomiske tider og aukande renter trur eg ikkje det går. Vegen vidare må vera å splitta Øyfast i to, og satsa på Øyfast nord mot Sjernarøyane. Det er det einaste realistiske, meinte han.

Jon Olav Runestad (t.v.) meiner Øyfast må splittast i to.

Rundtur i øyane

Knutsen Hegdal signaliserte også at ho ville at det nye kommunestyret som kjem på plass etter neste val, skal ta seg ein rundtur i øyane for å bli kjent og snakka med folk.

Tor Arne Gard argumenterte sterkt for at næringsområdet han har foreslått på Talgje måtte koma med i arealplanen. Her er det planar om terminal for CO2-handtering.

Knutsen Hegdal rådde Gard til å invitera politikarane til ei synfaring på Talgje, for at dei betre kan setja seg inn i problemstillingane.

Høyre-politikaren fekk også klare tilbakemeldingar om at den nye arealplanen ikkje måtte gjera Finnøy kommunedel til eit einaste stort friområde. Det må vera mulighet for næringsutvikling, blei det påpeikt.

Tor Arne Gard argumenterte for at planane om næringsområdet på Talgje må med i den nye arealplanen.