Kart som viser Mastrafjordtunnelen. Foto: Vegvesen.no

Statens vegvesen skal gjere arbeid på E39 gjennom Mastrafjordtunnelen.

Tunnelen vil vere stengt mellom klokka 22.00 og 06.00 kvar dag frå måndag 16. oktober til laurdag 21. oktober, melder vegvesenet på nettet.

Vidare i meldinga står det:

«Utrykningskjøretøy under utrykning kan passere. Kolonner tilpasses buss i rute.»

Øyposten får oppgitt frå vegmeldingssentralen at det vil vere manuell dirigering med kolonnekøyring kontinuerleg fram og tilbake.