Ole Johannes Landsnes driv utleige av hytter og båtar til fisketuristar på Helgøy i Sjernarøyane.

-Me hadde fått signaler tidlegare om at det ville bli åpna for innreise frå Tyskland, men den endelege bekreftelsen kom i dag. Det er me sjølvsagt glade for, seier Ole Johannes Landsnes ved Helgøysund Fiskesenter til Øyposten.,

Landsnes ventar dei førstye tyskarane alt til neste helg, men reknar dessutan med at andre "nerante" vil senda forespørslar i tida framover.

-Me håpar at det blir mulig å forlenga sesongen ein del ut over hausten, og at det kan ta igjen noko av det tapte, seier Landsnes, som har 80 senger til disposisjon på Helgøy i Sjernarøyane.