Og den første lørdagen med turkonseptet " Gøy på Finnøy, svara så absolutt til forventningane;,- Me har hatt ei alla tiders flott og innhaldsrik dag, forsikrar ekteparet Liv Tone Ryssdal og ektefelle Arvid Morken frå Vennesla utanfor Kristiansand. Dei hadde teke med seg svigerinne, svoger og bror, ekteparet Oddfrid Morken og Kjetil Morken frå Bryne til Finnøy denne lørdagen.,-Dette er lokal og ekte kulturhistorie formidla på ein flott måte, som gjer det heile veldig interessant å lytta til. Og når det då også blir formidla med både innlevelse ispedd ein god porsjon av både humor og ironi, så får både me vaksne og dei litt yngre også ei flott innføring i Finnøy si lokalhistorie, seier Liv Tone.,

Til dagleg er ho saksbehandlar innan helsesektoren i Vennesla kommune, og har kjøpt seg parsellhytte på Steinnes.

- Eg var veldig mykje på Finnøy i barndommen, hjå tante Gunda Alsvik, og har svært gode minner herfrå. Difor blei me glad i øya og plassen, og kjøpte like godt hytte her for to år sidan, fortel Liv Tone.

  Shoppa aktivitetar

Deltakarane kunne i utgangspunktet velja å delta på  fleire ulike aktivitetar og førestillingar i løpet av dagen; Eit utdrag frå krigshistoria ved Vignes Fort, slik me kjenner det frå tidlegare presentasjonar, blei dramatisert med ei tilhøyrande vandring inn i Tyskerholene etterpå. Ryfylkekokken baud på grilla laks og lokalprodusert grilla lammekjøtt , før deltakarane igjen blei utfordra på Quiz -oppgåver relatert til vårt lokale næringsliv og lokalsamfunn.

Og då punktum vart sett i tradisjonsrike Hesby Kyrkje like før klokka 16.00 i går ettermiddag, kunne både primus motor for arrangementet, Tor Øyvind Skeiseid og kollega Silje Vignes Flesjå i Ryfylke Livsgnist, pusta letta ut for eit svært så vellukka arrangement.,-Me er blitt veldig glad i Finnøy og har vore her fleire gonger, og blitt svært begeistra i det me har sett og fått oppleva, skryt Sigrid Viste og Knut frå Randaberg. Dei hadde teke turen på motorsykkelen gjennom tunnelane til Finnøy med håp om å oppleva nok ein fin dag.,-Og det har me så absolutt fått. Me er imponert over det dykk får til her inne, seier dei begge, nærmast i kor. Og me kjem gjerne igjen, legg vestfoldingen Knut til.

-Har vore veldig spent

Som for svært mange andre opplevings- og reiselivsbedrifter , så har det også vore ei tøff tid for den lokale bedrifta, Ryfylke Livsgnist. -Då samfunnet blei stengt ned i mars, og me måtte gå til permitteringar, hadde me to valg. Skulle me berre resignera å venta på betre tider, eller skulle me bretta opp ermane for å sjå etter moglegheiter. Me valte å gjera det siste, for det er vel slik eg er skrudd saman, seier ein letta dagleg leiar, Tor Øyvind Skeiseid,like etter at førstillinga i Hesby Kyrkje er over.

-Eg har brukt utruleg mykje tid på idèmyldring og kome opp med ulike konsept som kanskje kunne realiserast. Men det heile er avhengig av økonomi, og difor har eg brukt utruleg mykje tid på å fremja søknader om økonomisk støtte til dette. -Eg er difor utruleg takknemleg for dei solide økonomiske bidraga me har fått. Først Stavanger kommune til "Barnas sommer" og "Camp Finnøy", og nå også Innovasjon Norge til dette siste arrangementet. Og når det alt på den første dagen har vore 60-70 personar innom på dei ulike arrangementa, er me svært godt tilfreds, seier ein tydeleg letta og takknemleg kultur- og lokalhistorieformidlar. Han var i utgangspunktet svært spent på korleis Innovasjon Norge ville sjå på søknaden om å smelta saman ei formidling av både lokalhistorie og lokalmatskonseptet og anna lokalt næringsliv på denne måten. men dei tente på ideen, og det er me veldig glad for, avsluttar Skeiseid.,Og takknemlig og tilfreds var også dei deltakarane Øyposten prata med undervegs i løpet av ettermiddagen. For forsikra at dei hadde så absolutt hatt det "Gøy på Finnøy" denne lørdagen.