Virksomheten i sjøområda rundt øyane i nye Stavanger, kastar godt av seg. Det gir også grunnlag for å oppretta nye fag- og prosjektstillingar innan havbruksnæringa

Innføringa av ei produksjonsavgift på 40 øre per kilo produsert oppdrettslaks, kombinert med ei nedjustering av inntektene frå dagens ordning med overføringar frå det såkalla Havbruksfondet, vil kunne gi Nye Stavanger kommune 20-25 millionar nye skattekroner årleg.,

Dette om ein tek utgangspunkt i det produksjonsvolumet som dei fire store oppdrettsaktørane som i dag opererer innanfor dei nye kommunegrensene representerer. Ein produksjon som etter det Øyposten får opplyst, representerer eit slaktevolum på over 20 000 tonn oppdrettslaks.

Om ein då legg det  nye skatteregime som i går blei offentleggjort av regjeringa til grunn, med ei produksjonsavgift på 40 øre per kilo produsert oppdrettslaks, vil denne nye ordninga aleine tilføre Stavanger kommune 8-10 millionar kroner årleg.

Også prinsippa som er lagt til grunn for avkastninga frå dagens Havbruksfond blir ført vidare, men oppdrettskommunane sin del frå inntektene som blir tilført dette fondet blir redusert frå 80 til 25 prosent.

Legg ein då gjennomsnittet av dei inntektene som tidlegare Rennesøy og Finnøy kommune har blitt tildelt frå dette fondet dei to siste åra, og plussar på inntektne frå dei to anlegga frå den tidlegare hjelmelandsdelen av Ombo, vil det kunne gi ytterlegare 12-15 millionar kroner årleg inn i kommunekassa til kemnaren i Stavanger.

Det vil i klartekst bety at dei to tidlegare øyykommunane i Ryfylke vil kunne tilføre olje- og gasshovudstaden opp mot 25 millionar havbrukskroner årleg som medgift i framtida.

Næringssjef i Stavanger, Anne Woie, vil ikkje utan vidare gå god for desse tala.

-Dei utrekningane som me har gjort basert på dagens ordning og ei impementreing av den nye frå  2021, viser at Stavanger kommune vil få 32 millionar kroner årleg dei to neste åra. Det er nok noko mindre enn med dagens ordning med inntektene frå Havbruksfondet.

Likevel vil den nye ordninga vera langt meir forutsigbar, og det vil bli svært mykje enklare å budsjettera med desse pengane for Stavanger kommune. Men det viktigaste er, slik eg ser det, er det potensiale og dei store utviklingsmulegheitene som ligg i denne næringa og havbruket generelt i framtida.

Dette er ekstremt viktig for Stavanger i ei tid der olje- og gassnæringa er i krise og i beste fall flatar ut. Og der ei omstilling er heilt nødvendig, understrekar næringssjef Anne Woie.