STAVANGER:

Dette var ein av nyhetene då Ap, Rødt, Miljøpartiet, SV, Sp og Fnb la fram sitt budsjettforslag på ein pressekonferanse på Kvernevik skule i dag.,

I tillegg til å lova pengar til kommunebygget, vil det også bli sett av pengar til ein "mulighetsstudie" for Vikevåg.

Fleirtalspartia lovar også at skulane i Finnøy og Rennesøy nå skal koma betre ut. Skulebudsjettet blir styrka med 40 millionar kroner, og ei eiga sak om finansieringsmodellen kjem opp i utvalg for oppvekst og utdanning fredag.

Leiaren i utvalet, Eirik Faret Sakariassen (SV), seier til Øyposten at skulane i skulane i dei to kommunedelane skal koma like godt ut av det som andre skular i Stavanger. Mindre klassar, klassar med både nynorsk og bokmål og mykje spesialundervisning har gjort at skular i begge kommunedelane slit med økonomien i den nye kommunen.

Det ligg elles ikkje an til at gang- og sykkelvegen gjennom Vikekleiva blir forskottert av pengar frå kommunekassen i Stavanger. Frode Myrhol (fnb) seier til Øyposten at eit slikt opplegg, som Høyre og KrF har foreslått, vil medføra ein risiko for at Stavanger aldri får pengane igjen.