71 år gamle OTTO Palelsen har funne tilbake sin barndoms og ungdoms kjære kajakk på Reilstad, 50 år etter. Foto: Olav Reilstad|71-år gamle Otto Pallesen frå Stavanger, har funne tilbake sin ungdoms kjære kajakk på Reilstad. Heile 50 år etter. Foto: Olav Reilstad.

STAVANGER/FINNØY:

På Reilstad fekk han lagra kajakken i eit gamalt sjøhus hjå nå avdøde handelsmann Odd Reilstad. Der fekk den same Pallesen dyrka sin store lidenskap for padling mellom Ryfylkeøyane i somamrferiane sine, fram til han seinare på 70- talet flytta til Oslo for å bli verande der i fleire tiår.,Men unge Pallesen hadde ikkje råd til å betala Reilstad leiga for sjøhuset før han vente nasen austover. Han tilbaud difor like godt han Odd å ta over heile kajakken.,

-Som sagt så gjort, smiler Pallesen i dag, når han igjen møter sonen til Odd Reilstad, Olav Reilstad på Reilstad.

For Olav har nemleg funne ut at kajakken som har lege i det gamle sjøhuset hans i alle desse åra, nettopp tilhøyrer Otto Pallesen.

-Det er jo heilt utruleg at eg skulle få kajakken min tilbake 50 år etterpå, smiler Pallesen og stryk varsomt på den kvite seglduken som kajakken er trekt inn med.

-Og tenk at eg nå skal få ta opp igjen å dyrka gamle minner og opplevningar i den unike naturen mellom holmar og skjær her inne på Reilstad. For denne kajakken skal restaurerast og setjast på sjøen igjen, forsikrar den 71 år gamle bymannen som nå kan få ta opp igjen sin store lidenskap for padling. Og det til og med i den same kajakken han forlet for 50 år sidan og trudde var borte for alltid.

- Det skal ikkje minst han Olav ha ein hjartevarm takk for, smiler Pallsen i det gråe sjegget sitt og blir også litt blank i augo i det han igjen stryk handa over den kvite seglduken på kajakken sin.