Johan Landa i fjellheimen. (Foto: Privat)

FINNØY:  Olav Sandvik med dyretransporten er bestilt i god tid. Alt er planlagt. Mora mi har laga eit halvt hundre kjøttkaker og fire liter sviskegraut, som er fylt i eit metallspann der lokket er forsegla med tau. Potetene er fordelt i tre bæreposar. I sekken er også pakka nokre brød, pålegg, blå castello og på toppen ein pose skorper. Alt er som det plar, ingenting er tilfeldig. Han ringer til meg kvelden før: «Det er meg her oppe. Eg har nokon «poter», har du plass i sekken?». Neste morgon er eg der oppe i halv åtte tida. Varene eg skal ha i sekken står på kjøkkenbenken. Sekken hans står ferdig pakka. Støvlane står i byslaget og ventar på nokre føter som gledar seg til denne turen. Klokka er kvart over åtte. «Eg trur me må rikka», seier han. Mutteren må vera heime, nå er det hunden, Hei, som skal vera med.,

Me er på ferjekaien i god tid før ferja kjem. Trond Spanne kjem rett før ferja skal gå, så dette er også akkurat som det plar. Vel om bord i ferja kjem matrosen: «Javel, kva er desse karane ute på?». «Ja, det er jo den årlege turen til fjells, men du har vel ikkje billett lenger enn til Jelsa, du?». Han gliser medan han slår oss inn i apparatet. Me passerer Hidle. Det blå metallskrinet med skjever kjem på bordet. Der er tre etasjar med smurte skjever, som har skinke, tomat, egg, sild, salami og blå castello på. Etterpå er det fram med kortstokken for å spele Mattis. Dette er oppvarminga til den store Mattis-runden me skal ha når me reiser heimatt saman med Olav Sandvik.

Halv tolv er me framme på Jelsa. Tunnelane kjem tett på veg til Bråtveit. Plutseleg kjem me til Hylen og Hylskaret. Historia kjem om sauer som vart jaga opp skaret og vidare med ferje over Suldalsvatnet. Me skimtar no Bråtveit på andre sida av vatnet. Nesflaten er som ein landsby. Roaldkvam som ein bakgård. I Bråtveit ser me berre hustaka nede ved vatnet. På Vetrhus kjem me tett på. Mosvatnet ligg som ein spegel. Theodor-hytta ligg og gøymer seg i bjørkeskog. Mostøl, med sine tørre elvar. Me er framme på parkeringsplassen. Potetene blir fordelte til dei sprekaste, og ein sekk ligg att i bilen som naudproviant. Når me kjem til Gaukstøl er det tid for ein stopp på trappa. Vatn frå elva leskar saman med sjokolade frå Freia. Frå Skitstølsvatnet blir det ei god stigning før me er oppe på hytta ved Skitstølen. Nøkkelen ligg gøymt i treskrinet.

Fatteren er snar med å fyre i byssa. Snart er det kortbuksetemperatur inne. Det er som ein stor steikeovn, der alt varmen skal vera inne og ingenting skal ut før me er ferdige med samling. Det er berre plass til ein kokk på kjøkkenet. Det er Trond i den kvite helsetrøya. På ei flaske har han ferdig laga pannekakerøre som Gudveig har laga. Det blir ein herleg steikeos i heile hytta. Det er snart klart for kveldsmat. På bordet står herlege pannekaker, brød, skorper, blåmuggost og syltetøy. Me er 7 mot 1, så me slepp ut litt varme frå hytta. Hausten utanfor gjer ein liten stopp, før den går vidare. Me speler kort om kvelden. Når Torgeir Spanne har tapt fem gonger er det på tide å legga seg.

Me vaknar av bekkesus og stilla som er i fjellet. Det er morgonmat. Fatteren har allereie fyrt. Det er ikkje snakk om å sove frampå første morgonen. Me et, smør matpakke og pakkar sekkane. Hundane får seg kvar sin skalk og er klare. Ludvig Skretting rullar seg ein røyk, medan me andre planlegg turen. Været er lettskya og fint, så det vert ein lang tur i dag. Me går samla inn til Krokavasstølen. Der skil me lag og går opp til Krokavassnuten medan Tyra, fatteren og Hei går i låglandet rundt vatnet. Me har gjort dette før, det er ingen av oss som er førstereis her. Me finn nokre sauer på brotkanten og sender dei ned mot låglandet. Det kjem beskjed på sikringsradioen at dei har kontroll. Sikringsradioen blir brukt mykje, så det er ikkje enkelt for andre å komme gjennom på denne kanalen nå. Me dreg innover fjellet og fatteren får ikkje kontakt med oss på radioen. Når me kjem tilbake på kvelden har han mange spørsmål om sauer og stader der me har vore. Om kvelden har me 60 sauer i hegna ved Skitstølsvatnet. Bakken opp frå hegna til hytta kan knekke både den svake og sterke. Det er kjøttkaker til middag og sviskegraut til dessert. Viss du endå ikkje er knekt, blir det nokre rundar med kortspel. Me sovnar fort etter ein slik dag. Men morgonen kjem fort her på Skitstølen. Lyden av ein som fyrer i byssa i halv seks tida kjenner me alle….

Atle Johan Landa