Avstemning i fellesnemnda for den nye kommunen.|Vikevåg skule||Dei tre tidlegare ordførarane i Stavanger, Rennesøy og Finnøy. Christine Sagen Helgø (t.v.), Dagny Sunnanå Hausken og Henrik Halleland, var alle veldig sentrale i arbeidet med "Nye Stavanger" kommune

STAVANGER:

Schanche fremma forslag på vegne av Høyre. Venstre og Krf om å sjå nærare på intensjonsavtalen som låg til grunn for samanslåinga av dei tre kommunane. Forslaget blei fremma i forbindelse med "sluttrapporten for nye Stavanger".,

Dei tre ordførarane i Stavanger, Rennesøy og Finnøy. Christine Sagen Helgø (t.v.), Dagny Sunnanå Hausken og Henrik Halleland. Foto: FOTO: Stavanger kommune

-Intensjonsvatalen blei oppfatta som eit løfte og ein avtale av mange, og hadde ei betydning for kva folk meinte om samanslåinga, sa Schance under debatten i formannskapet torsdag, kor ho også peika på at avtalen alt var broten mellom anna når det gjeld eigedomsskatt i Rennesøy.

-Det er skuffande at fleitalet ikkje ville sjå nærare på Intensjonsavtalen, det kunne vore viktige læradommar å trekkja. Det var ein avtale som blei brukt aktivt i forbindelse med samanslåinga, men me veit at både eigedomsskatt, utbygging i Vikevåg og Øyfast er punkt som ikkje er blitt fulgt opp eller er utsette, seier Schanche til Øyposten.

Høyre-politikar Elin Schanche. (Foto: Rune Nedrebø)

Leif Arne Moi Nilsen (frp) var ikkje enig med Schanche at Intensjoinsvatalen var nokon bindande avtale.

-Det er ikkje noko anna enn ein tanke om framtida, sa Moi Nilsen.

Kommunedirektør Per Kristian Vareide imidlertid mot omfattande utgreiingar, som han meinte kommuneadministrasjonen ikkje har kapasitet til., og forslaget frå Schanche fekk ikkje fleirtal.

Derimot blei det vedtatt å be om ei orientering til formannskapet i løpet av året eller neste år om kva følger samanslåinga har hatt for innbyggarane i Finnøy og Rennesøy når det gjeld økonomi og tenesttilbud.

https://www.oyposten.no/2020/12/06/skuffa-kjell-nes-vil-loysa-opp-nye-stavanger/

KrFs Henrik Halleland fant det underleg når det blei hevda at dette var slutten for kommunereformen og samanslåing av kommunar.

-Gulrøtene er der til å fortsetja, prosessen er ikkje lagt bort. Det mest dramatiske er viss Ap og Sp finn saman etter valget og endrar inndelingslova slik at kommunar kan delast opp igjen. Det må me for all del unngå, sa Halleland.

Heile rapporen om korleis samanslåinga av dei tre kommunane har gått, kan du lesa her:

https://www.stavanger.kommune.no/samfunnsutvikling/prosjekter/sluttrapport-for-nye-stavanger/#14467