Det er dagleg leiar i Rennesøy Trafikk AS, Egil Torgersen, som opplyser dette til Øyposten. Han er veldig glad for at selskapet nå har sikra seg denne kontrakten, der dei i fleire år allereie har hatt ansvaret for inntransporten i Finnøy og Rennesøy kommunedel.Selskapet Agro Transport AS er eigd av dei tre transportselselskapa Rundevold Transport AS, Reiersen Dyretransport AS og Rennesøy Trafikk AS, i tillegg til Nortura AS som eig 50% av selskapet. Dei tre andre aktørane har ein eigarandel på 16,7% kvar.,-Det nye selskapet som me er ein del av, har som mål å utnytta kapasiteten på den eksisterande bilparken langt betre, og då vil Agro Transport samkjøra dette for å unngå mest muleg at ein kjøyrer med tomme bilar.,

-Blir det noko auke i bemanninga som ein konsekvens av dette?

-I utgangspunktet ikkje. Me overfører dei fem bilane som me i dag i all hovudsak har nytta til denne inntransporten. Det same gjer me med dei fem sjåførane som høyrer til desse bilane, seier Egil Torgersen i Rennesøy Trafikk As.

Det har vore viktig å for Nortura AS å etablera selskapet saman med transportørar som allereie er engasjert i driftsområdet, Agro, opplyser Einar Risnes i Nortura.

-Målet er at inntransporten skal vera mest muleg kostnadseffektiv og klimavennleg, der det også handlar om lågast muleg antal kjørte kilometer ved inntransporten, legg han til.

Dette oppnår ein ved å nytta transportselskap som er lokalisert i nærområda.,Rennesøy Trafikk As har som kjent sin base på Vaula på Aksje, og mange personar frå både Finnøy og Rennesøy har sin arbeidsplass her.