Mjølk og meieri var ingen spøk før i tida, heller

I gamle dagar på Kvameheia, eit meieri stod attmed vegen, der kom kvar bondemann, og der fekk han tømt sine mjølkespann. Det var og hans stolthet, men og hans plage i sær i sommaren sine varme dagar. Tenk om mjølka skulle bli sur, ja då blei hans morgontur forgjeves, skriv Harald Faa i dette tilbakeblikket på Judaberg.

Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Det gamle meieriet på Kvameheia, slik det såg ut frø det brann.

FINNØY:

Det var trange tider dengong. Meieribestyraren måtte selgja smør og ost direkte til forretningar, der var ingen salgssentral. Det var meierisjefen, Aksel Haugsett, som skulle ordna med salg, noko som visst gjekk dårleg. Far min leverte mjølk for juni månad. Han mottok ein brun konvolutt med ein lapp oppi som viste mengden mjølk, ja og penger. Det var ikkje rart, ein tiøring, det var det heile. Men då brant meieriet opp, både til glede og skuffelse.,

Når ein tenkjer på den transporten, for folk som er kjent her på Finnøy, er der avstandar. Frå nera Mjølsnes til Kvame, ca. 7 km ein veg, så dagen gjekk med til mjølkekjøring, og kanskje ein tur innom handelslaget på tilbakevegen.

Nå starta spetakkelet om nytt meieri. Vestsibuen ville ha meieri på Steinnesvåg, medan austsibuen ville det skulle liggja på Judaberg. Reilstad fekk tak i ei stor tønne, som dei sette ein kross deri, dermed kalla dei det meieri!

Sende mjølka til byen

Men, nei, Reilstad sende mjølka til byen. Olav Reilstad hadde ein båt som tok last og passasjerar, og mjølkespann. Adolf Lauvsnes var skipper om bord på Finnøy. Når Finnøy nærma seg Reilstad, måtte dei fram med kikkerten for å sjå om reiaren var i godlaget.

Så blei det til meieri både på vestsia og på austsia. Meieriet på Judaberg blei som «kongens slott», medan det på Steinnesvåg blei som eit Skaugum. DS Stavangerfjord hadde ein tur til Sauda, og når den gjekk forbi Judaberg bles den tre støyt i fløyta. To var for meieriet, det siste for handelslaget.

Judaberg i dag. Inga mjølk blir lenger levert til meieribygget bak "Ryfylkedoktoren".

Men mjølka på Faa kom ikkje bort, far ala opp kalvar til slakt. Prisane var bedre enn den mjølka han sende til meieriet. Ein fin kalv på 3-4 veker kunne gi 6-7 kr. Ei ku til livs gjekk for ca. 70 kr.

Ny styrar på meieriet, krigen kom og alt blei rasjonert. Når ein leverte mjølk til meieriet blei spanna tømt oppi ein holk før ho blei vogen på stangvekt. Mjølkekjørarane stod etter kvarandre og venta på tømetur. Meieribestyraren var av og til i godt humør, når drammen var vel stor, han surra rundt i kvit frakk og helste på kjørarane.

Gjedrem’en kom

Nå kom og mjølka frå Reilstad. Johan Nærland kom med den. Han traff Knut Haga, som bare hadde eit spann. Då Johan såg Knut med det eine spannet, spurte han om det var katten Knut hadde mjølka. For ein fornærmelse. Knut måtte ta turen til Hauskje for å få trøst. Den sat lenge i Knut.

Nok ein ny bestyrar, Ingvar Gjedrem, kom. Krigen tok slutt. Gjedrem var ein god bestyrar som fekk fart på alt. Han gjekk i gong med nytt meieri på Faaberget då det gamle var for lite. Her blei alt bygd på eit golv. Årsmøta til meieriet, på Betel, må ikkje gløymast. Serveringa var pylsa og hokka, matlysta var stor, så kaffi og wienerbrød og sjølvsagt sigar. Den blei tent med det sama, om enkelte ikkje røykte så røykte dei den dagen.

Saker blei ordna til det betre. Gustav Hidle frå Sjernarøy, meinte at viss vedtektene blei brukt gjekk alt i orden.

I dag er den tida forbi, og langt mellom mjølkebøndene. Meieriet er for lengst nedlagt. Eg undrar kva neste generasjon vil oppleva, i ein uroleg verden.

Eg kunne tenkt meg ein tur til Fågen, spørsmålet er om eg kan bruka penger, pengene skal og bort, alt skal gå på kort. Min i min alder, manglar 5 år på nitti, då er det ein kunst å følgja straumen.

Vel, vel, godtfolk, dette kunne sikkert vore skreve bedre. Eg har hoppa over årstal, åra kjem fort og fort går dei.

Dagens vits: Ola, ikkje gå i åkeren min. Nei, seier Ola, eg går ikkje, eg kjem!

Harald.