RENNESØY/FINNØY:

Tor Bernhard Harestad fekk beskjed vesle julafta om at han kan fiska 15,5 tonn under årets lofotfiske. Det var den endelege beskjeden han venta på, og dermed blir det tur nordover med pensjonert sorenskrivar Helge Bjørnestad, svogeren hans igjen og Jan Tore Harestad, sonen til Tor Bernhard, som mannskap.,

-Kvoten er litt større enn i fjor, men prisane ligg an til å bli litt lågare. Økonomisk reknar eg med at me kjem ut omtreent som i fjor, seier Tor Bernhard Harestad til Øyposten.

Han kjem til å senda båten om med fraktebåt, og sjølv ta fly til Bodø 21. februar. Derfrå reiser dei med hurtigbåt over Vestfjorden til Svolvær, før dei innkvarterer seg i Henningsvær.

-Eg har blitt anbefalt å halda meg unna politikken for å unngå korona, og då blir dette ei fin avkopling. Så håpar eg at koronaen har roa seg til eg kjem ned igjen, slik at eg kan  bli med i politikken igjen og nappa litt i dei i byen, seier fiskaren frå Bru.

På Finnøy førebur Ivar Stang og sonen Kristian seg på Lofoten-tur, men om det blir ein realitet er ikkje heilt klart ennå.

-Det kjem litt an på kor godt fisket etter hestmakrell rundt øyane her blir utover vinteren. Kristian er på det. Men viss det ikkje er så bra, kan det bli at me set kursen nordover. MNen så vidt eg skjønar er ikkje alt klart der nord når det gjeld koronaen og kva reglar for smittevern me må halda oss til. Så me får sjå, seier Stang.

Han var på lofotfisket for første gang i fjor, og opplevde det som eit eventyr. I motsetning til Harestad har han og sonen Kristian planar om å dra nordover med båten sjølv. I fjor brukte dei 86 timar opp til Bodø, men reknar ytterlager eit halvt døgn før dei er framme ved målet.