Torbjørg Hebnes i gang i godstolen på Judaberg med nok ein lubbe. |Torbjørg Hebnes med luer som er klare til levering på kreftavdelinga på sjukehuset.|Denne dokka, med heimestrikka klær, skal Normisjon få til si neste julemesse på Finnøy.

FINNØY:

Kunsten å strikka lærte Torbjørg Hebnes alt som sjuåring på Kyrkjøy i Sjernarøyane, av nabokona Laurense Larsen.,

Sidan har det blitt mange kilometer, og sikkert mil også, med strikkegarn som har funne vegen over strikkepinnane hennar for å bli til lubbar, kufter, luer og anna, godt og varmt heimestrikka.

Til og med han frå Polen som kjører søppelbilen har fått heimespøta lubber av henne til jul, noko han har betalt for med overstrøymande takk.

Ingen strikkar lenger

Sjølv om strikking er komen på moten igjen, får Torbjørg Hebnes stadig høyra at det ikkje er nokon som strikkar lenger.

-Sigerdotter mi, Helga Fugledal, har ei ho kjenner som jobbar på kreftavdelinga på sjukehuset. Ho beklaga seg over at det ikkje var nokon som strikka lenger, for dei skulle hatt luer til pasientar som har fått kreftbehandling. Jo, sa svigerdotter mi, eg har ei svigermor som kan strikka. Slik gjekk det til at eg begynte å strikka for kreftavdelinga, seier Torbjørg Hebnes til Øyposten.

Torbjørg Hebnes med luer som er klare til levering på kreftavdelinga på sjukehuset. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Garnet blir sponsa av Tove på Kaihuset, det må du ta med. Ho er eit flott menneske, legg Hebnes til.

Nå strikkar ho også til andre gode formål. På bordet ligg svære lubbar strikka i tøve-garn, som skal tøvast til gode innesko som skal varma kalde føter hos folk som treng det i Ukraina. Tøflene leverer ho på jenbanestasjonen på Vigrestad, kor hjelpesendingane blir ordna med. På bordet i stova er det også ei dokke med fine, små dokkeklede, som ho har strikka til Normisjon si julemesse på Finnøy.

48 år på meieriet

Judaberg-kvinna spør interessert etter nytt frå Sjernarøyane, kor ho vaks opp, men legg til at forholdet til øyane ikkje er like nært lenger. Likevel har ho god oversikt over det som rører seg "der inne", og er glad for å høyra om smått og stort som skjer.

Men det er kryssord og strikking som er hennar favoritt-syslar, nå om dagen.

-Det er avslappande, eg strikkar sikkert ein sokk til dagen. Det er alltid noko som treng noko heimestrikka, seier ho.

Torbjørg Hebnes pensjonerte seg for nokre år sidan frå jobben som meierist etter 48 år på meieriet på Judaberg.

-Eg begynte å jobba der då eg var 15 år, og treivst godt der. Men det er dei åra eg har hatt som pensjonist som er dei beste åra eg har hatt nokon gong, seier Torbjørg Hebnes, som gjer seg klar til ei anna oppgåve ho har pålagt seg sjølv: Å laga middag til sonen og svigerdottera og familien deira. Ikkje kvar dag, men ofte. Denne dagen er det røykt torsk som står på menyen.

-Dei hentar middagen hos meg når dei kjem heim frå jobb. Eg må hjelpa det vesle eg kan, det er kjekt å gjera noko som kan gjera andre glade, slår ho fast.