Sjølv om det blir ei annleis russefeiring, er den i det minste i gang. Natalie Rørheim i frå Finnøy, ser dei neste to månadane lyst i møte. Foto: Oddbjørg Måland

FINNØY:

- Klart det er kjipt å gå glipp av landstreffet og andre typiske russeaktivitetar. Russetida har eg gleda meg til i lange tider, og er eit minne for livet som markerer slutten på 13 års skulegang. Denne spesielle tida kan diverre ikkje igjenskapast eller opplevast igjen. Likevel har me ved hjelp av sosiale medium blitt ein godt samansveisa gjeng, både innan russegruppa vår, Berzerk, og med andre russ. Det går fint an å planlegga og snakka saman på facetime og snapchat. Eg er sikker på det blir ei minneverdig russetid, trass i pandemien. Alt me får til er betre enn ingenting.,

I rute

Natalie har teke Barne-og ungdomsarbeider på Strand vgs, og er i gang med praksisperioden sin på Sentralskulen. Om det er lærarvegen ho ynskjer å gå, er ikkje sikkert ennå.

- Det blir heilt sikkert noko som har med barn og unge å gjera, men eksakt kva, det veit eg ikkje.

Akkurat no er det andre ting som opptek ho meir,  og det er alt det kjekke som skal skje dei neste to månadane.

Russekort, kjeledress, genserar og anna russeutstyr blei bestilt inn allereie i fjor haust.

- I russetid-samanheng er faktisk ikkje det lenge sidan, her er det langtidsplanlegging som gjeld. Neste års russ, 2022, har for lengst starta planlegga russefeiring si. Eg trur til og med at enkelte russ i 2023, fort kan vera i gang med planlegging. Det er mykje som skal på plass, og alt må vera tenkt på til den store feiringa.

- Korleis russedressen ser ut betyr ein god del har me forstått?

- Ja, den er liksom utstillingsvindauget ditt. Korleis du dekorer dressen fortel mykje om kven du er, stilen din, kva du vil assosiera deg med. Spesielt er ryggen viktig.

-Fortell?

- Berre fordi det er god plass til å få visa fram det ein ynskjer?

- Kva skal du dekorera ryggen med?

- Eg har brukt lang tid på å finna det ut, men til slutt enda eg på Dire Straits sine platecover sett saman i ein stor firkant. Den dekker heile ryggen, har fine fargar, og er ganske kul.

- Du er med andre ein ihuga Dire Straits fan?

- Eigentleg ikkje.

Verd pengane

Å vera russ er ikkje gratis, det er mange som vil ha tak i pengane deira. Utval av «nødvendig» utstyr aukar kvart år, og det same gjer russebudsjetta.

Så langt har Natalie brukt rundt 10 000 kroner på russefeiringa, 5000 i eigenandel på bilen og rundt 1000 i klede. I tillegg kjem russedressen, russekort, oppussing av bilen, bensin og diverse anna stæsj.

- For fire stykk av desse t-skjortene betalte me 8000 kroner kvar, seier Natalie og viser fram ein svart genser under russedressen med jentene sin logo på.

- Det er ikkje mykje i forhold til dei som verkeleg brukar pengar på russetida, då snakkar me om ei mangedobling. Dessutan er dette ei ein-gong-i livet-oppleving, og verd kvar krone.

I tråd med regelverket

Natalie fortel at det meste av feiringa kjem til å skje i grupper. Russegruppa hennar, Berzerk, består av 10 faste personar. På den måten vil dei heile tida berre omgås folk i eigen kohort.

- Situasjonen gjer at me skal vera mest mogleg utandørs. Me skal sjølvsagt lytta til Bent Høie og fylgja folkehelseinstituttet sine retningslinjer. Avstand, munnbind og handsprit har me blitt gode på etter kvart. Slik det ser ut akkurat no ligg det an til å bli litt oppmjuking av dei strengaste restriksjonane, så eg trur dette blir bra. Uansett skal me gjera det beste ut av situasjonen,. det blir garantert mykje grilling og kos. Endeleg er me i gang, og no skal me ha det kjekt heilt til St. Hans, smiler Natalie Rørheim.