Høyres Sissel Knutsen Hegdal på besøk i Hesby barnehage. Høyre, Frp, Venstre og Krf fekk ikkje fleirtal for å spara barnehagen frå nedlegging.|KrF Henrik Halleland og Høyres Sissel Knutsen Hegdal blei nyleg orientert om situasjonen for Hesby barnehage av avdelingsleiar Tone Vignes Holen (t.v.) og pedagogisk leiar Anne May Bergeland (med ryggen til).||Høyres kommunalråd tar ein kikk på dei fine uteområda i barnehagen.

FINNØY

: Fredag kom Høyres kommunalråd Sissel Knutsen Hegdal og KrFs Henrik Halleland på besøk til den nedleggingstruga barnehagen. Hesby barnehage er ein av tre som er foreslått nedlagt på grunn av synkande barnetal i Stavanger, og dei to kom på besøk for betre å danna seg eit inntrykk av saka.,

Barnmehagen har for tida 15 barn, fem færre enn i fjor, men korkje Sissel Knutsen Hegdal og Henrik Halleland har landa på om barnehagen må leggjast ned. Fredag fekk dei omvisning i barnehagen av avdelingsleiar Tone Vignes Holen og pedagogisk leiar Anne May Bergeland.

Høyres kommunalråd tar ein kikk på dei fine uteområda i barnehagen. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Då fekk dei høyra om ein barnehage i god stand, med fine uteområde og kor det også er plass til andre kontorfunksjonar, mellom spesialpedagogar som jobbar på øyane "innover". Det er heller ikkje betydelege beløp, kring ein million, å spara på å leggja ned barnehagen, blei det sagt.

På direkte spørsmål fråp Øyposten seier Sissel Hegdal Knutsen at Høyre vil diskutera framtida saman med dei andre partia i opposisjon, med mål om å koma fram til eit felles standpunkt når det gjeld barnehagedekninga i Stavanger. Saka kjem til politisk behandling onsdag i neste veke, og då må dei ulike partia ha gjort seg opp ei meining.

-Me ønskjer ikkje barnehageplassar det ikkje er behov for, men me stiller oss spørjande til om det er nødvendig å leggja ned barnehagar som Hesby og Roaldsøy, seier Knutsen Hegdal, som også vil lufta muligheten for at kommunen kan gå i dialog med private barnehagar for eventull vidare drift.

KrF Henrik Halleland og Høyres Sissel Knutsen Hegdal blei orientert av avdelingsleiar Tone Vignes Holen (t.v.) og pedagogisk leiar Anne May Bergeland (med ryggen til). Foto: FOTO: Rune Nedrebø