Pengane strøymer inn frå Finnøy

Finnøy klarte til slutt å stilla nok bøssebærarar til å avvikla årets innsamlingsaksjon, men nokre måtte ta to rundar. Innsamlarane rapporterer om stor givarglede, men langt frå alle hadde kontanter liggjande, og ikkje alle hadde heller Vipps.

Ottar Sandanger (t.v.) og Svein Terje Imsland har ansvaret for TV-innsamlinga i år i Finnøy. Her tømer dei bøssene og gjer klar til oppteljing.|Joanna Mowinska saman med Elizabeth Mowinska, Viktoria Lepek og Sofia Gzapinska-Falkeid gjekk like godt to rundar med bøssene.|Bøssene frå øyane kom med ferja. Matros Christian Meling overleverer den dyrebare lasta til ansvarleg for innsamlinga, Svein Terje Imsland.||Cathrine Imsland tel opp pengane frå sentralskulen. Nesten 40. 000 klarte første-4. trinn å samla inn.||Helga Fugledal samla inn pengar på Finnøy. - Det var mange hus det ikkje var folk i, seier ho.||SAerina Nessa var ei av dei ivrige som stilte opp for årets TV-.aksjon.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY: 

Årets innsamlingsaksjon går til arbeidet mot barneekteskap, og givaregleda var stor på øyane.,

Oppteljinga av bøssene søndag kveld viste at det var kome inn rundt 70.000 kroner i kontantar. I tillegg kjem beløpet som er gitt over nettet og på Vipps, og det endelege resultatet er ikkje venta før i  komande veke.

 Helga Fugledal kjem til Innbyggartorget med bøssa, og blir nøye registrert av Svein Terje Imsland, innsamlingsansvarleg i Finnøy. Fugledal samla inn pengar på Finnøy. - Det var mange hus det ikkje var folk i, seier ho.

Blant dei som samla inn på Finnøy, var Helga Fugledal. Ho kom til ein del tome hus.

-Eg gjekk ruta frå Kolkaien til Falkeid og utover mot Nærland. Der var mange som ikkje var heime, og blant dei som var heime var det ein  god del som ikkje hadde kontranter, seier Fugledal til Øyposten.

Det var også ein del av dei eldre som heller ikkje hadde Vipps, legg ho til. Det var første gang Fugledal går med bøssa på Finnøy til TV-innsamlinga, men har før gått på Kverneland på Jæren.

-Var det stor skilnad?

-Nei, vêret var i alle fall det same, og heller ikkje der hadde folk kontantar, smiler ho.

 Bøssene frå øyane kom med ferja. Matros Christian Meling overleverer den dyrebare lasta til ansvarleg for innsamlinga, Svein Terje Imsland.

-Det som tok tid var når folk skulle leita gjennom skuffer og skap for å finna kontanter som dei trudde dei hadde liggjande, seier Helga Fugledal.

Likevel var det ein god del av både myntar og pengesetlaer i mange av bøssene som blei tømde og talde opp på Innbyggartorget på Judaberg søndag kveld.

 Cathrine Imsland tel opp pengane frå sentralskulen. Nesten 40. 000 klarte første-4. trinn å samla inn.

Blant dei gjevarane som verkeleg viste igjen på Finnøy, var første til 4. trinn på Finnøy sentralskule.

Dei hadde aksjonsdag på fredag, kor første klassingane arrangerte loppemarknad, 2. trinnet hadde aktivitetar, 3. trinnet heldt basar og 4. trinnet arrangerte kafe. Til saman 140 elevar bidrog, og fekk inn totalt 39.761 kroner.

 Joanna Mowinska saman med Elizabeth Mowinska, Viktoria Lepek og Sofia Gzapinska-Falkeid gjekk like godt to rundar med bøssa.

Ottar Sandanger hadde tatt på seg oppgåva med å samla inn på Sør-Bokn og Byre.

-På Byre oppsøkte eg alle husstandane, og 75 prosent av dei var heime, dvs at det var folk i tre av dei fire heimane der. Over alt blei eg teken godt imot, opplyser han.

 Serina Nessa saman med hunnen Mipmip var ei av dei ivrige som stilte opp for årets TV-.aksjon.
Publisert: