Kristine Skavland frå Talgje vann med denne flotte turnaren.|Kristine Skavland frå Talgje vann med denne flotte turnaren.|Noa F. blei nummer to med "Rektor Bente".|Louise Bråtveit fekk tredjeplassen med si "prinsesse".

FINNØY:

Kristine Skavland frå Talgje vann konkurransen med turnaren sin. Om den skriv juryen at den både er elegant og stilig, og den kulaste peparkaka. Flott pynta er ho også.,

"Enkelt og fint. Komplisert form som er vanskeleg å få til. Det er like før pepperkaka vaknar til liv og slår flikk flakk bortover. Den har hol til oppheng, og heng fint oppe. Godt jobba!", meiner juryen.

Noa F. blei nummer to med "Rektor Bente". Foto: FOTO: Rita Lindås

-Eg går i Finnøy turn sjølv, og fekk lyst til å prøva å laga ein turnar, seier ein overraska vinnar, Kristine Skavland til Øyposten. Skavland går i 6. klasse på Finnøy sentralskule.

Til å baka vinnarfiguren har ho brukt peparkakedeig frå Coop pluss at ho har knust og smelta slikkepinnar i ovnen som ho har brukt til glasur.

-Pleier du å baka peparkaker til jul?

-Ja, sjølv om eg ikkje vil kalla det ein tradisjon heime. Men når me gjer det, pleier eg å vera med, seier bakarmeistreren, som har ein lillebror og ein storebror å spandera bakst på. Hovedgevinsten var eit gavekort på 1000 kroner på Coop.

Noa F. frå Finnøy blei nummer to med "Rektor Bente». Det meiner juryen er ei morsom og ei stilig peparkake, flott laga! Fine detaljar som juryen synes liknar bra. (på rektor Bente Tjelta på Finnøy sentralskule red. anm.) Godt handverk, nøye og flott, heiter det frå dommarpanelet.

Nummer tre blei Louise Bråtveit, også ho frå Finnøy, som baka ei prinsesse, ei peparkakejente som smelta juryen sine hjerter fullstendig.

Louise Bråtveit fekk tredjeplassen med si "prinsesse". Foto: FOTO: Rita Lindås