Den nye boka frå Ryfylkemuseet, ute i grevens tid før julehandelen.

Lise Bjelland er frilans fotograf med sterk tilknyting til Ryfylke. Roy Høibo leia Ryfylkemuseet frå 1981 til 2015 og er godt kjent i regionen.,

Det er blitt ei bok med gamle og nye foto som viser endringar i landskap, busetnad og levemåte, og som også byr på møte med folk som har hjelpt til med opplysningar om stadene fotografia er i frå og historia som er knytt til stadene. Og det er ei bok som viser at eit bilde av og til kan seia meir enn tusen ord. Boka er på 212 sider og har foto frå alle dei åtte kommunane som fram til årsskiftet høyrer til i Ryfylke-regionen. Slik er boka også ei påminning om kva som definerer Ryfylke i ei tid med store endringar både i kommunestruktur og kommunikasjonar.

Boka inviterer til mimring og til refleksjon

skriv museumsdirektør Anna Ehrhardt i forordet

det er ei bok med fotografi som fortel mange små og store historier om folk, om stad og hus, om livet i Ryfylke og endringane som har vore dei siste 100 åra – og ikkje minst om mykje som fortsatt finst

.,

Utsending av boka til medlemmer og utsalsstader startar med det første. Boka kan også tingast via museet si nettsida: www.ryfylkemuseet.no eller epost: post@ryfylkemuseet.o