Janne Grethe Hovda Rørheim gir seg med mjølkrkyr på Fogn. Dermed blir det bare ein produsent igjen på øya.

Landbruk og havbruk i heile Nye Stavanger skal styrast frå Finnøy. Det er ei viktig satsing som bør koma øyane til gode.,

Tyngdepunktet for landbruket i den nye kommunen vil liggja i Finnøy og Rennesøy.  For havbruket sin del, er det Finnøy som er hjørnesteinen.

Det nye kontoret bør vera ein spennande mulighet til å utvikla dei to næringane vidare. Difor blir den eine stillinga som skal lysast ut som næringsutviklar spesielt viktig.

Det er ønskeleg at det nye kontoret ikkje gløymer det som heilt fram til nå har vore hovednæringa i dei to øykommunane, landbruket.

Det nye kontoret bør sjå det som ei viktig område å bidra til å demma opp for det urovekkjande fråfallet som nå ser ut til å breia seg i næringa.

Her er det mykje å læra av landbruksrådgjevinga lenger nord. Både i Kvinnherad og Etne er det ei heilt anna satsing på landbruket enn kva som lenge har vore tilfelle i dei to øykommunane. Her er byråkratiet aktive medspelarar for å få bøndene til å stasa. Det har gitt resultater i form av nye fjøs og unge som vil bli bønder.

Slik kan det bli her også, men då må det eit krafttak til. Og den nye kommunen må sjå alvoret i situasjonen. Spesielt i det mest stabile, mjølkeproduksjonen, har store verdiar blitt overflytta til fastlandet i form av mjølkekvotar.

Oppgåva å snu dette er nok vanskelegare i Finnøy og Rennesøy enn lenger nord. I Stavanger-området har det vore jobbar i overflod med lønningar og goder som ein gard ikkje kan konkurrera med.

Men landbruket er ei nøkkelnæring, og bør kunna vera det også i framtida. Då trengs det ein etat som ser si oppgåve å samarbeida med landbruket, og legg mindre vekt på å møta dei med reglar og paragrafar.

Sats på landbruket, bør vera mottoet.