I formannskapet i går, torsdag 11. april, la ordførar Henrik Halleland fram eit nytt forslag til vedtak om overdraging av Grieg-tomta, som er vurdert til ein verdi på kr 5,5 millionar kroner.,

Eit  samla formannskap blei einige om at kommunen ikkje utan vidare kan overføra tomta vederlagsfritt til Grieg Seafood slik som fyrst tenkt. Vedtaket i formannskapet inneber at det skal forhandlast med utgangspunkt i rådmannen sitt alternative forslag nr 2 som reduserer den offentlege støtta til rundt to millionar kroner. Det vil sei at Grieg Seafood betalar kommunen om lag 3,5 millionar kroner for tomta.

Forhandlingsutvalet inviterer Grieg til forhandlingar like over påske, slik at saka kan vera klar til kommunestyret 6.mai.