Meiningar: Gi oss fleire gudstenester i det fri

Me håpar kyrkjene fylgjer opp suksessen med utandørs gudstenester, skriv Øyposten på leiarplass.

Det klang godt, då klokkaren på Fogn, Dag Olav Sæbøvåg, ringe inn til gudstenesta på Byre i sommar med å slå på eit jernspett.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

For dei som var til stades ved gudstenesta på Byre blei det ein minnerik dag. Hyggeleg vertskap, flink prest og god stemning. Kunne det bli betre. Dammen til Kari Velve Byre og Gudmund Byre låg som ein spegel, marka var nyslegen, det hadde Gudmund ordna, og på bordet var det rikeleg med kaffi og nok til å bita i.,

Me har friskt i minne gudstenesta under åpen himmel på Lauvsnesvatnet i vinter, og kyrkja har også hatt gudstenester i Rygjabøparken. Fine arrangement alle saman, som samla mykje folk.

Me skal vera stolte av dei flotte og gamle gudshusa i øyane, og me treng dei og. Ofte. Men av og til er det rett å samlast ute. Det gir eit mektig nærvær av skaparverket å samlast til ord og ettertanke ute under åpen himmel, særleg i ei tid kor naturen i høgaste grad står på dagsorden. Difor håpar me at kyrkja vil halda fram i dette sporet, og gi oss fleire høgtidsstunder ute.

Publisert: