- Eg meiner tida er moden for ei kommunesamanslåing, og eg klarar ikkje sjå vekk frå dei moglegheitene som ligg der. Då snakkar eg om ei samanslåing med Stavanger, og ikkje Nord-Jæren. Det er ein ny Stavanger-kommune eg har tru på, seier ordførar Henrik Halleland til Øyposten.

I neste veke inviterer Øyposten og Finnøy kommune til debattmøter om kommunereform på Fogn, Sjernarøy og Finnøy. Før det har altså Halleland velt å gå ut med kva han meiner er det beste alternativet for Finnøy. Det er anten å slå seg saman med Stavanger og Rennesøy, eller kanskje til og med Sola og Strand.

- Det er ingen problem om Strand og Sola blir med, men eg har ikkje tru på Sandnes. Dei har fått for mykje i intensjonsavtalen med Stavanger, seier han.

God og funksjonell

Han trur ein slik kommune vil løysa dei regionale utfordringane i Finnøy, og han trur det kan bli ein god og funksjonell kommune.

- Tenk deg om ein slik kommune kunne fått hand om investeringsmidlane til Innovasjon Norge. Kva kunne me då ha utvikla innanfor jordbruk og havbruk i Finnøy? Om me tar med det som står i intensjonsavtalen med Stavanger om eit havbrukssenter på Finnøy, ja då kan ein få til noko i ei næring som er i rivande utvikling, seier han.

Ordføraren seier han er klar over at alt ikkje blir betre om me går inn i Stavanger, men at han har tru på at det kan gjera ting lettare.

- Det er mykje i dag me må gi opp på grunn av at me verken har kapasitet eller pengar. I ein slik kommune kan me få til noko, og me vil ha tilgang til eit større kompetansemiljø. Så er det berre å håpa at ein slik kommune må få fleire oppgåver, seier han.

-

- Eg trur fordelane veg opp mot ulempene. Kommunegrensene i dag er 51 år i år, og me må bruka desse intensjonsavtalane for det dei er verdt. I avtalen står det blant anna at det skal vera desentralisering av skulestruktur, bygging av ny sjukeheim på Finnøy og eit bydelsstyre på 11 personar. Når det er sagt er me heilt avhengige av at Rennesøy er med oss på dette, meiner ordføraren.

Uaktuelt med Sandnes

Halleland er heilt klar på at å bli ein del av Nord-Jæren kommune med Sandnes er heilt uaktuelt for han, det same gjeld Utstein-alternativet.

- Der Utstein-alternativet strander for meg er rett og slett med kommunikasjon. At Randaberg blir vårt kommunesenter blir for problematisk. For meg er det anten ein storkommune eller ingenting, seier han.

- Så Utstein har aldri vore eit alternativ?

- Det har absolutt vore eit alternativ, men det blir mykje å forsetja med det me held på med i dag. Ein kommune med 20 000 innbyggjarar med eit senter i Randaberg blir ikkje så ulikt det som er no.

Finnøy er i den situasjonen at dei har folkeavstemming 8. juni. Det er etter både Stavanger som har 30. mai og Rennesøy som har 1. juni. Dette meiner Halleland er ein fordel, og har ei løysing på korleis det blir om folket seier nei i Rennesøy og Stavanger.

- Blir det nei i Rennesøy, som er ganske avgjerande, så står me i den situasjonen at om det blir ja i Finnøy så må me berre spela det inn. Me styrer oss sjølve, seier han.

Ifølge Halleland verkar det tvilsamt at Randaberg blir med i denne prosessen, sjølv om dei vil bli liggjande midt inne i den nye kommunen han ser føre seg. Han er også usikker på spørsmålet om Randaberg eventuelt kan bli tvungne med.

- Reforma har vel sagt at det kan bli utført tvang mot dei som bremser ei god løysing, men blir det tvang har vel ordføraren i Randaberg sagt at ho nesten skal lenka seg fast om det blir tvungen samanslåing med Stavanger, så det er klar tale, seier han.

Strand kan bli med

- Men du nemnte Strand. Trur du dei kan bli med i denne avtala i siste liten?

- Dei har vel vore litt i kontakt med Stavanger allereie. Det går fint an å drifta ein kommune med Rennesøy, Finnøy, Strand og Stavanger. Det er slike diskusjonar me må ta i kommunestyret etter avstemminga.

- Så ditt standpunkt er nå igjen?

- Anten storkommune med Stavanger, eller som i dag. Og eg helsar både Strand og Sola velkomne. Det er lenge sidan eg har konkludert med dette, avsluttar han.